Betalingsplikta fell ikkje bort sjølv om det ligg føre usemje om kravet.
Ved misleghald av betalingsplikta vil det kome på forseinkingsrenter (morarenter). Forseinkingsrenta kjem på frå forfallstidspunktet og fram til betaling. Rentesatsen blir justert to gonger i året av Finansdepartementet.
Det vil bli sett i verk innkrevjingstiltak ved betalingsmisleghald. Aktuelle tiltak vil kunne vere:
- utleggsforretning
- utleggstrekk
- tvangssal
- krav om konkurs motrekning
Ved iverksetjing av slike tiltak må ein rekne med gebyr og/eller betalingsmerknad.