Hopp til hovedinnholdet på siden

Namn og namneendring

Del/tips  Bokmål

Du kan endre både fornamnet, mellomnamnet og etternamnet ditt. Namneval for nyfødde blir gjort på eit eige skjema som automatisk blir sendt til foreldra etter at fødselsnummeret er tildelt.

Namneendring

  • Bruk skjemaet ”Melding om endring av namn” for å endre namn.
  • Er du under 18 år, må den eller dei som har foreldreansvaret for deg samtykkje i namneendringa.
  • Dersom meldinga gjeld eit barn over 12 år, må barnet sjølv òg samtykkje.
  • Les meir om etternamn her.
  • Fylkesmannen er klageorgan i namnesaker.

Nyfødde

Ved namneval for nyfødde sender skattekontoret automatisk skjemaet for å melde namn på barnet heim til foreldra etter at fødselsnummeret er tildelt. Namnevalskjemaet for nyfødde finst ikkje på internett.

  • Som forelder har du plikt til å returnere skjemaet før barnet er seks månader gammalt.
  • Fornamn må meldast. Mellomnamn er ikkje pålagt.
  • Dersom det ikkje er meldt eit etternamn innan seks månader, får barnet automatisk mora sitt etternamn.
  • Foreldre med delt foreldreansvar må begge skrive under på namnevalskjemaet.
  • Alle etternamn som ein kan ta etter namnelova, skal ein òg kunne velje ved første gongs namneval. Dette tyder at foreldre kan velje andre etternamn enn sine eigne for barnet. Skatteetaten avgjer om namnet det er søkt om kan bli til vesentleg ulempe for den det gjeld, eller om det er andre sterke grunnar til å ikkje godkjenne namnet.
 
Relaterte

Spørsmål og svar

Relaterte

Artikler