Hopp til hovedinnholdet på siden

Utvandring – flytting frå Noreg

Del/tips  Bokmål

Flyttar du frå Noreg til eit anna land, må du melde flytting til skattekontoret. Du kan ikkje melde flytting frå Noreg på internett.

Flytting frå Noreg til andre land blir kalla utvandring. Det er snakk om utvandring når du planlegg å busetje deg i eit anna land.

Flytting til nordiske land:

  • Flyttinga skal berre meldast til tilflyttingslandet. Les meir her.
  • Dersom meldinga blir godteken i tilflyttingslandet, er du automatisk utvandra frå Noreg.

Flytting til eit ikkje-nordisk land:

  • Du må melde flytting når:
  1. Du har vore busett i Noreg (minst seks månader) og skal busetje deg i utlandet
  2. Når du skal opphalde deg i utlandet i minst seks månader
  • Når du skal melde flytting, fyller du ut Melding om flytting til utlandet og sender skjemaet til skattekontoret der du bur tidlegast 14 dagar før utreisedagen.
  • Skattekontoret vurderer om du skal reknast som utvandra på bakgrunn av opplysningar gjevne i skjemaet om med bustads- og arbeidstilhøve etter flyttinga.
  • I nokre tilfelle kan skattekontoret krevje fleire opplysningar om utflyttinga og tilknytinga til Noreg.
 
Relaterte

Spørsmål og svar

Relaterte

Brosjyrer og bøker

Relaterte

Artikler