Sami Polski اردو
Stortinget har vedteke ein ny metode for fastsetjing av likningsverdi på bustader. Føremålet med endringa er å betre samanhengen mellom likningsverdi og omsetjingsverdi. Likningsverdien skal frå og med 2010 reknast ut på grunnlag av opplysningar om arealet på bustaden, bustadtype, byggjeår og geografisk plassering.
For å få fastsett den nye likningsverdien, må du rapportere inn arealet på bustaden din, og eventuelt rette opplysningar om bustadtype og byggjeår. Det vedlagde skjemaet er førehandsutfylt med dei opplysningane Skatteetaten har om bustadeigedomen din. Sjekk opplysningane i skjemaet, rett eventuelle feil og fyll ut opplysningar som manglar.
Du skal rapportere inn arealet på primære rom (P-ROM) i bustaden din. Dersom du ikkje kjenner arealet på P-ROMMA, kan du gje opp buareal (BOA). Opplysningar om P-ROM og BOA kan du til dømes finne i salsoppgåva og takstdokumentet for bustaden din. Du finn meir informasjon om utrekning av bustadareal på skatteetaten.no/boligverdi og i rettleiinga.
Meld inn opplysningane på skatteetaten.no/boligverdi eller via SMS. Du kan òg fylle ut det vedlagde skjemaet, levere det på næraste skattekontor eller sende det inn.
Du må svare innan 15. oktober for at vi skal kunne ta omsyn til den nye likningsverdien når vi reknar ut skattetrekket ditt for 2011.
Rettleiing for "RF-1282 Opplysningar for berekning av likningsverdi på bustadseiegedomar"
Skjemaet er førehandsutfylt med dei opplysningane Skatteetaten har om bustadeigedomen din. Ver venleg å fylle ut dei opplysningane som ikkje er førehandsutfylte, og rett eventuelle opplysningar som ikkje stemmer.
Dersom du treng meir informasjon, sjå skatteetaten.no/boligverdi eller ta kontakt med
skattekontoret. På skatteetaten.no/boligverdi kan du òg rekne ut estimert ny likningsverdi på bustaden din.
Kva bustader du skal gi opplysningar om
I skjemaet skal du gje opplysningar om alle bustader du eig. Unntaka er fritidsbustader, våningshus på gardsbruk og bustadeigedomar i utlandet. Les meir på skatteetaten.no/boligverdi dersom du eig fleire bustadeigedomar enn det som er ført opp i skjemaet.
Bustad med fleire eigarar
Viss du eig ein bustad saman med ein eller fleire andre, vil de få tilsendt eit skjema kvar. Ektefellar som bur saman får tilsendt eitt felles skjema.
Dersom det berre skal opplysast om areal, vil det være nok at éin av eigarane rapporterer opplysningane for at alle skal få førehandsutfylt ny likningsverdi på sjølvmeldinga.
Dersom alle eigarane er samde, kan éin eigar gje opplysningar på vegner av alle. Hugs då å krysse av i feltet for dette. Dersom det blir gjeve ulike opplysningar om same bustad, vil ingen få førehandsutfylt ny likningsverdi.
Er bustaden seld?
Dersom du ikkje eig bustaden lenger, treng du ikkje å levere skjemaet. Dersom du har kjøpt ny bustad må du levere RF -1282 for at den nye bustaden skal kome med på den førehandsutfylte sjølvmeldinga.
Definisjonar
Primærrom (P-ROM)
P-ROM er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden din, til dømes stove, kjøken, soverom, bad, vaskerom og entré. Ein må kunne kome til P-ROM via dør eller
trapp. Garasje, uinnreidde kjellarrom/loft, buer og andre oppbevaringsrom blir ikkje rekna som PROM. Sjå kva som blir rekna som P-ROM og korleis du måler arealet av P-ROM i bustaden din.
Boareal (BOA)
BOA er areal i hovuddelen av bustaden, dvs. dei same romma som blir kalla PROM.
Andre delar av bustaden kan òg reknast som BOA, avhengig av materialbruken i romma, t.d. buer med tapet og parkett. I praksis har ofte P-ROM og BOA tilnærma same areal.
Einebustad er eit bustadbygg som er meint for eitt hushald, til dømes frittståande hus, villaer o.l.
Småhus er bustader som er fysisk bundne saman ved at dei har minst éin felles vegg, eventuelt felles golv/tak, med nabobustaden. Dette vil typisk vere rekkjehus og tomannsbustader. Einebustader i rekkje/kjede blir òg rekna som småhus.
Leilegheit er ei bueining i ein bygning med minst to etasjar, tre bueiningar og felles inngang. Dette vil typisk vere blokkleilegheiter og terrasseleilegheiter.
Byggjeåret er det året då bustaden blei ferdigstilt. Rehabilitering, oppussing og påbygging endrarikkje byggjeåret.