Hopp til hovedinnholdet på siden

Er du deltakar i KS, ANS o.a.? Slik fyller du ut sjølvmeldinga for 2011

Artikkel, 8. mars 2012 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål

Denne artikkelen gir råd og vink om utfylling av sjølvmeldinga til personleg skattytar som har vore deltakar i deltakarlikna selskap i 2011.

Eit deltakarlikna selskap er eit føretak som driv økonomisk verksemd for to eller fleire deltakarar si rekning og risiko, og kor minst ein av deltakarane har uavgrensa ansvar for dei samla pliktene i verksemda. Dette gjeld for:

  • Ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS)
  • Ansvarleg selskap med delt ansvar (DA)
  • Indre selskap
  • Kommandittselskap (KS)
  • Partreiarlag (PR)
  • Tilsvarande utanlandsk selskap som driv verksemd som er skattepliktig til Noreg.

Også sameige blir rekna som selskap og deltakarlikna dersom dei driv verksemd for eigarane si felles rekning og risiko.

Type sjølvmelding

Skatteetaten har sendt «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» til dei fleste personlege deltakarane i KS, ANS o.a. Har du motteke «Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.», har ikkje Skatteetaten registrert frå før om at du er deltakar i deltakarlikna selskap.

Deltakar i deltakarlikna selskap kan ikkje levere elektronisk «Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.». Ynskjer du å levere elektronisk, må du bytte til «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.». Sjå omtalen av post 2.7 om næringsinntekter i «Rettleiing til postane» om korleis du eventuelt leverer elektronisk «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.».

Leverer du på papir, brukar du sjølvmeldinga som du har fått tilsendt.

Kva skal du som deltakar levere?

Som deltakar leverer du RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.)» som vedlegg til sjøvmelding di. Fleire av tala i deltakaroppgåva (sjå nedanfor) fører du i sjølvmeldinga.

Det deltakarlikna selskapet pliktar å levere felles selskapsoppgåve, næringsoppgåve o.a. til Skatteetaten. Desse skjemaa er underspesifikasjon av opplysningane selskapet rapporterar om parten din i RF-1233 Selskapet si oppgåve over deltakaren si formue og inntekt i deltakarlikna selskap. Selskapet sendar òg kopi av RF-1233 til deg som deltakar. Du treng normalt ikkje levere kopi av RF 1233, selskapet si selskapsoppgåve, næringsoppgåve o.a. som vedlegg til sjølvmeldinga di.

Er du deltakar i utanlandsk deltakarlikna selskap, har du sjølv ansvaret for at selskapsoppgåve med pliktige vedlegg blir levert til Skatteetaten innan rett frist. Du kan lese meir om dette i RF 1216 «Rettleiing til utfylling av selskapsoppgåve for deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) (RF-1215)».

Kva for frist har du for å levere sjølvmeldinga?

Som deltakar pliktar du å levere sjølvmelding. Du har frist til 31. mai dersom du

  • leverer elektronisk «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» og/eller
  • i inntektsåret har vore deltakar i deltakarlikna selskap som leverer selskapsoppgåva elektronisk.

Leverer du «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» på papir, eller «Sjølvmelding for lønnstakarar og pensjonistar o.a.», har du frist til 30. april.

Du kan søkje om utsetjing viss det er svært vanskeleg for deg å levere innan fristen, til dømes fordi selskapet ikkje klarar å sende deltakaroppgåve til deg før fristen.

Her kan du lese meir om korleis du søker om utsetjing for levering av du «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.».

Korleis fyller du ut sjølvmeldinga og deltakaroppgåva?

Som vedlegg til sjølvmeldinga leverer du RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.)». Når du har motteke kopi av RF 1233 frå selskapet, kan du fylle ut sjølvmeldinga.

Som deltakar er du ansvarleg for gje riktige og fullstendige opplysningar i RF-1221. Tala du skal føre i skjemaet finn du i kopien av RF 1233.

Leverer du «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» elektronisk, kan du bruke denne framgangsmåten:

  1. Gå til www.altinn.no og vel «Logg inn» i biletet. Logg inn med fødselsnummer og PIN-kode frå PIN-kodebrev som du har motteke i posten. Er du allereie registrert som brukar av Altinn, kan du bruke den vanlege påloggingsmetoden.
  2. Frå og med 22. mars er sjølvmeldinga tilgjengeleg i «Mi meldingsboks». Klikk på «RF 1030 Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.»
  3. Fyrste gong du opnar sjølvmeldinga får du spørsmål om du skal levere sjølvmeldinga med RF 1175 Næringsoppgåve 1, eller utan. Kryss av for «Utan næringsoppgåve» viss du berre er deltakar i deltakarlikna selskap og ikkje har eiga næring i tillegg.
  4. Øvst i skjermbiletet ser du arkfana merka «Vedlegg». Klikkar du på denne, kan du opprette RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap, som nytt vedlegg til sjølvmeldinga.
  5. Du klikkar på «Legg til» til høgre for deltakaroppgåva.
  6. Når du har fylt ut alle postane i deltakaroppgåva, klikkar du på «Lagre/Gå tilbake» nedst i skjermbiletet. Du vil då få opp eit anna skjermbilete som listar opp kva for tal som systemet fører over frå deltakaroppgåva til sjølvmeldinga for deg.

I staden for punkt 4 kan du og opne deltakaroppgåva frå ein av postane i sjølvmeldinga kor det skal stå tal frå deltakaroppgåva.

Har du motteke «Sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar o.a.», kan du ikkje levere denne elektronisk. I omtalen av post 2.7 næringsinntekter i «Rettleiing til postane» kan du lese om korleis du leverer elektronisk «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.».

Du kan ikkje levere elektronisk viss det er kryssa av for fleire typar verksemd på side 1 i deltakaroppgåva.

For deltakarar som leverer sjølvmelding på papir

Leverer du på papir må du sjølv fylle ut sjølvmeldinga med eventuelle tal frå desse postane i deltakaroppgåva:

  • 1101 Del av nettoformue
  • 1140 Sum allmenn inntekt
  • 1143 Tillegg i allmenn inntekt
  • 1145 Skattepliktig gevinst/frådragsgodkjend tap ved realisasjon o.a. av part
  • 1160 Arbeidsgodtgjering frå primærnæring eller familiebarnehage i heimen til deltakaren
  • 1162 Arbeidsgodtgjering frå anna næring

I deltakaroppgåva ser du kva for postar i sjølvmeldinga som det er aktuelt å vise til. Postnumra som du skal bruke, er avhengig av kva for type verksemd selskapet driv. Du finn nærare forklaring i postomtalen på side 6, 7 og 8 i «Starthjelp for næringsdrivande».  

I «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» finn du postar som er aktuelle for deltakar i deltakarlikna selskap. Bruk minusteikn dersom du fører over eit negativt tal frå deltakaroppgåva.

Leverer du «Sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar o.a.». på papir, må du opprette nye postar under «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, fører du her». I desse postane fører du tala frå deltakaroppgåva.  

Kor finn du tala du skal føre i RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap?

Som deltakar er du ansvarleg for å gje riktige og fullstendige opplysningar i RF-1221. Tala du skal føre i skjemaet finn du i kopien av RF-1233 Selskapet si oppgåve over deltakaren si formue og inntekt i deltakarlikna selskap, som selskapet har sendt til deg.

Postnummeret før talfelta i RF-1221 samsvarar stort sett med postnummeret før talfeltet i RF 1233 kor du skal hente det aktuelle talet frå. Til dømes finn du i RF-1233 post 1101 nettoformuen som du skal føre i RF-1221 post 1101.

Driv selskapet stadbunden verksemd i fleire norske kommunar, viser RF-1233 post 1201 korleis nettoformuen deler seg på dei aktuelle kommunane. RF-1233 post 1240 viser korleis sum allmenn inntekt deler seg på dei forskjellige kommunane selskapet driv stadbunden verksemd i. 

Er du ikkje samd i tala selskapet har ført i RF-1233, må du forklare avvika i eige vedlegg til sjølvmeldinga.

Deler du tala i deltakaroppgåva med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar?

Er begge ektefellane aktive i same selskap, kan dei dele formue og inntekt. Dette gjeld òg registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar. Den av ektefellane som mottek kopi av RF 1233, leverer RF-1221 som vedlegg til sjølvmeldinga si. Den andre ektefellen treng ikkje levere RF 1221.

I RF 1233 er det ikkje spesifisert korleis ein skal fordele nettoformue og allmenn inntekt mellom ektefellane o.a. Du spesifiserer fordelinga under overskrifta «Fordeling av formue og inntekt ektefellar med eventuell fordeling mellom kommunar» i RF 1221. Begge ektefellane fører sin del av tala i sjølvmeldinga.

Den av ektefellane o.a. som ikkje leverer RF 1221, fører manuelt over sin del av tala til elektronisk «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.». Gjeld dette deg går du fram slik:

  • Positiv nettoformue frå RF-1221 post 1202 fører du i sjølvmeldinga post 4.5.4.
  • Positiv allmenn inntekt frå RF 1221 post 1241 fører du i sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.7 eller 2.7.8.
  • Tillegg i allmenn inntekt frå RF 1221 post 1244 fører du i sjølvmeldinga post 2.7.10 eller 2.7.11.
  • Positivt tal (vinst) frå RF 1221 post 1246 fører du i sjølvmeldinga post 3.1.12. Negativt tal (tap) fører du i post 3.3.7.
  • Arbeidsgodtgjering frå RF 1221 post 1261 fører du i sjølvmeldinga post 1.7.1, mens arbeidsgodtgjering frå RF 1221 post 1263 fører du i sjølvmeldinga post 1.7.4. Desse tala inngår i tillegg i summen som du fører i sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.7 eller 2.7.8 (sjå ovanfor).

Er du deltakar i selskap som driv skogbruk eller reindriftsnæring?

Det er særskilte reglar for inntekt frå skogbruk og reindriftsnæring. Skattytaren blir som hovudregel skattlagt for eit gjennomsnitt av inntektene som skogbruket og/eller reindriftsnæringa har gjeve dei siste åra. Gjennomsnittslikninga inneber ei korrigering i post 1117 og eventuelt post 1127 i RF-1233 Selskapet si oppgåve over deltakaren si formue og inntekt i deltakarlikna selskap.

Har du erverva part i selskap med reindriftsnæring, startar gjennomsnittslikninga når du har ått parten i tre heile kalenderår.

Driv selskapet skogbruk, må du starte gjennomsnittslikninga viss du har ått part i selskapet i 8 heile kalenderår. Men viss du ynskjer, kan du starte gjennomsnittslikninga allereie når du har ått part i 2 heile kalenderår. Ynskjer du dette, bør du gje selskapet beskjed slik at det sender RF 1233 med tal i post 1117.

Talet i RF 1233 post 1117 og post 1127 er spesifisert i RF-1220 Deltakarinntekt frå skogbruk og reindrift. Denne oppgåva sender selskapet inn. Deltakaren treng difor ikkje levere RF-1220.

Gjennomsnittslikninga sluttar viss verksemda i selskapet opphøyrer eller du avhendar parten. I nokre høve fører dette til avbrotslikning for deltakaren.

Du kan lese meir om gjennomsnittslikning i Lignings-ABC. Se emne ”Reindrift” punkt 8 og ”Skogbruk” punkt 15 og 16.

For deltakarar som leverer eigen næringsoppgåve

Du treng ikkje levere RF-1175 Næringsoppgåve 1, eller annan næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga, med mindre du driv anna næringsverksemd i tillegg til at du er deltakar i deltakarlikna selskap. I nokre få høve kan skattytaren sin aktivitet med å eige, kjøpe og selje partar i deltakarlikna selskap, aksjar og andre verdipapir i seg sjølv bli rekna som næringsverksemd. Dette krev at aktiviteten har stort omfang.

Ikkje alle som leverer næringsoppgåve må bokføre part i deltakarlikna selskap som eigedel. Du bokfører parten som eigedel viss den er særleg og nært knytt til enkeltpersonføretaket ditt. Gjer du dette, skal du også bokføre eventuell inntekt eller tap på parten i rekneskapen din. I så fall fører du denne inntekta i RF-1175 Næringsoppgåve 1, post 0416. Talet i denne posten er ikkje med i næringsinntekt/-underskott som du fører over frå post 0402 i næringsoppgåva til RF-1224 Personinntekt får enkeltpersonføretak, og sjølvmeldinga.

Sjølv om du har handsama parten i det deltakarlikna selskapet som eigedel i næringsoppgåva, skal du føre tala frå RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap , direkte over i sjølvmeldinga. Framgangsmåten som du brukar er omtalt ovanfor.

For deltakarar som krev jordbruksfrådrag

Berre personlege deltakarar som krev jordbruksfrådrag, skal fylle ut post 1155 og post 1156 i RF 1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap.

Skattytaren kan krevje jordbruksfrådrag i positiv næringsinntekt frå jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring og birøkt. For å få frådrag må skattytaren som hovudregel ha budd på driftseininga over halvparten av inntektsåret. Uavhengig av kravet om butid kan skattytar som driv birøkt eller pelsdyrnæring krevje jordbruksfrådrag viss dei andre vilkåra er oppfylde. I spesielle høve knytt til generasjonsskifte, der den yngre generasjon har teke over bruket, kan ein dispensere frå kravet til butid. Òg forpaktarar som ikkje bur på bruket kan få dispensasjon frå bukravet. I alle høve må skattytaren som krev jordbruksfrådrag, bu i rimeleg nærleik av driftseininga. Overstig ikkje avstanden 20 kilometer, kan du legge til grunn at skattytaren bur i rimeleg nærleik av driftseininga.

Jordbruksfrådraget knyt seg til driftseininga. Består driftseininga av fleire bruk kan ein berre krevje eitt frådrag.

Føregår ein eller anne form for samdrift mellom brukarar med kvar sin driftseining, kan kvar einskild brukar krevje jordbruksfrådrag viss vilkåra annars er oppfylde. I slike høve reknar kvar deltakar ut jordbruksfrådrag med kvar si maksimumsgrense (sjå nedanfor) av jordbruksinntekta. Òg inntekt frå samdrifta inngår i grunnlaget som ein reknar ut jordbruksfrådraget av. Slik inntekt skal fører ein i så fall i RF-1221 post 1155 på grunnlag av talet som står i RF-1233 post 1155.

Driv fleire skattytarar jordbruks- eller hagebruksverksemd på same driftseining og oppfyller kravet for jordbruksfrådrag, skal brukarane dele jordbruksfrådraget for driftseininga innanfor maksimalgrensa nemnt nedanfor. Òg i slike høve fyller deltakaren ut RF-1221 post 1155 på grunnlag av beløpet som står i RF-1233 post 1155.

Leverer deltakaren RF-1177 Landbruk, skal ho/han føre differensen mellom RF-1221 post 1155 og post 1156 over til RF 1177 post 434.

Leverer ikkje deltakaren eige næringsoppgåve, må ho/han rekne ut jordbruksfrådraget på grunnlag av RF 1221 post 1155 og føre frådraget i sjølvmeldinga post 3.2.15. Frådraget utgjer kr 54 200 pluss 32 prosent av inntekt som overstig kr 54 200, opp til et maksimalt frådrag på kr 142 000 per driftseining. Frådraga kan berre redusere inntekta frå desse verksemdene ned til null. Er inntekta frå slik verksemd til dømes kr 14 000, blir frådraget kr 14 000.