Hopp til hovedinnholdet på siden

Er du personleg næringsdrivande og friteken frå å levere næringsoppgåve?

Artikkel, 29. februar 2012 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål  Engelsk

Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) kan velje om dei vil levere næringsoppgåve dersom den brutto driftsinntekta deira for året ikkje overstig kr 50 000.

Du kan lese om vilkår for fritak og unntak i «Starthjelp for næringsdrivande» del 2.

For deg som leverer «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» elektronisk
Første gongen du loggar deg på sjølvmeldinga for næringsdrivande blir du spurt om du skal levere med eller utan næringsoppgåve. Du vel alternativet: ”Driftsinntektene min overstig ikkje kr 50 000 og eg ynskjer ikkje å levere næringsoppgåve” og trykkjer ”Fortsett”.

I neste skjermbilete kan du klikke på fana «Til vegvisaren for driftsinntekter og driftskostnader». Vel kva for vedlegg du skal levere og trykk ”Oppdater”. Dersom du ikkje leverer RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt», blir beløpet i feltet «Driftsresultat» lagt til grunn som utrekna personinntekt. Du bør levere RF-1224 dersom du har negativ utrekna personinntekt, anten frå det aktuelle inntektsåret eller til framføring.

For deg som leverer «Sjølvmelding for næringsdrivande o.a.» på papir
Du fyller ut felta under overskrifta «For enkeltpersonføretak som ikkje leverer næringsoppgåve». Du fører inn driftsinntekter og driftskostnader og reknar ut driftsresultatet, som du fører inn i ein av dei utpeikte inntekts- eller underskotspostane. 

Dersom du vel å ikkje levere RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt», fører du beløpet frå driftsresultat i feltet ”Utrekna personinntekt”. Positiv personinntekt fører du i post 1.6.1 eller 1.6.2.

 
Relaterte

Rettledninger