Dei nye reglane inneber at du i utgangspunktet er skattepliktig i Noreg for norsk pensjon, sjølv om du skattemessig har emigrert frå Noreg eller aldri har budd i Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon.
Kjeldeskatten på pensjon omfattar:
- grunn- og tilleggspensjon frå folketrygda
- offentlege tenestepensjonar
- private tenestepensjonar
- andre private pensjonar
Den som betalar ut pensjonen skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon frå og med 1. januar 2010.
Det er nokre unntak frå skatteplikta:
- Du skal ikkje betale skatt av private tenestepensjonar og andre private pensjonar dersom du ikkje har tent opp pensjonspoeng i den norske folketrygda
- Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med landet der du er busett
Du kan ha krav på ein lågare skatt enn 15 prosent når du bur i eit EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.
Dersom pensjonen er heilt eller delvis skattefri i Noreg eller du skal ha lågare skatt, må du søkje om skattefritak eller eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Du må sjølv skaffe naudsynt dokumentasjon og sende den til skattekontoret.
Du finn meir informasjon i brosjyren "Nye reglar om norsk kjeldeskatt på pensjon".
Alle spørsmål om kjeldeskatt skal rettast til :
Skatt nord
Postboks 6310
NO – 9293 Tromsø
Tlf. frå utlandet +47 22 07 70 00
Tlf. frå Noreg 800 80 000
E-post skattnord@skatteetaten.no
Hugs å oppgje fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.