Slik krev du frådrag for yrkeskøyring med privatbil

  • Skriv ut

Fyller ikkje bilen vilkåra for å verte rekna som yrkesbil, kan du ikkje krevje frådrag for dei faktiske bilkostnadene du har. I staden krev du frådrag ved å multiplisere lengda på yrkeskøyringa i året med standardsats. Har du ikkje ført køyrebok, fastset ein lengda ved skjønn.

Normalt kan du ikkje rekne ut frådrag for meir enn 6 000 km etter standardsats, men du kan gjere unnatak dersom lengda tilfeldig overstig 6 000 km i året samstundes som lengda var kortare året før og du forventar lengda vart kortare også seinare år.

Leverer du RF-1175 Næringsoppgåve 1, fører du frådrag for yrkeskøyring med privatbil i post 7080 i resultatrekneskapen. Sjølv om du reknar ut inntektsfrådraget med standardsats, må du bokføre kostanden.

Du fører same talet:

  • debet på kostnadskontoen som du fører over til resultatrekneskapen og 
  • kredit på kontoen for eigenkapitalkorreksjonar som du etterpå fører opp i RF-1175 post 2057  

Mot slutten av kvart inntektsår fastset Skattedirektoratet standardsatsen som du reknar ut inntektsfrådraget etter. For 2016 er standardsats kr 3,80/km.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.