Meir enn 6000 kilometer i næring

  • Skriv ut

Dersom du køyrer meir enn 6000 km i næring med din eigen bil, må du som hovudregel ta bilen inn i rekneskapen til føretaket. Dette inneber at du kan trekkje frå alle kostnadene ved bilbruken, inklusive saldoavskriving på kostprisen til bilen, men du blir òg skattlagd for fordelen.

  • Du skal levere skjemaet RF-1125 Bruk av bil som vedlegg til skattemeldinga. Les meir i rettleiinga om korleis du fyller ut skjemaet. Alternativt kan du levere Næringsrapport skatt.
  • Med mindre du leasar bil, må du òg fylle ut og levere skjemaet RF-1084 Avskriving.
  • Alle kostnadene ved bilhaldet skal førast i næringsoppgåve1 (RF-1175) eller i Næringsrapport skatt post 7000-7040.

Du finn meir informasjon i rettleiinga til postane når du loggar inn i Altinn for å levere skattemeldinga.

Du får frådrag for alle kostnader i rekneskapen. Dersom du har tilgang til å bruke ein bil privat, blir dette rekna som skattepliktig fordel. Føretaket får ikkje frådrag for privat bilbruk, og dette skal trekkjast ut av kostnadene i næringsoppgåva, også kalla tilbakeføring. Den private fordelen (tilbakeføringa) blir som hovudregel fastsett etter ein sjablongregel (sjå døme).

Skattlegging av fordel
Tilbakeføring av privat bruk av bilen fører du i post 7099 og 2075 i næringsoppgåva. Dette inneber at inntekta di aukar med beløpet som du tilbakefører.

Tilbakeføringsbeløpet skal likevel aldri overstige 75 prosent av dei utrekna samla kostnadene ved bilhaldet (driftskostnader + pårekna verdireduksjon eller eventuell leigekostnad).

Sjå døme på korleis du reknar ut privat fordel av bil.

Aktuelle skjema

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.