Mindre enn 6000 km i næring

  • Skriv ut

Dersom du brukar din eigen bil i næringsverksemda, og talet på køyrde kilometer i næringa ikkje overstig 6 000 km per kalenderår, kan du få frådrag etter sats. Satsen for inntektsåret 2016 er kr 3,80 per kilometer.

Krev du frådrag etter sats, skal du føre dette i post 7080 og 2057 i næringsoppgåve 1 (RF-1175) eller i Næringsrapport skatt.

Fleire bilar?
Brukar ein fleire bilar som skattytaren eig, gir det òg rett til frådrag etter sats.
Køyrelengda for kvar einskild bil må ikkje overstige 6000 km.

Dokumentasjon
Du dokumenterer næringskøyringa ved å føre ei køyrebok som viser dato, strekningsbeskriving (frå-til), kvifor du køyrde og talet på kilometer per køyring.

Slik krev du frådrag for yrkeskøyring med privatbil.

Dersom du køyrer meir enn 6000 km i næring med din eigen bil, må du ta bilen inn i rekneskapen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.