Ordninga med leveringsfritak gjeld ikkje for dei som mottek sjølvmelding for næringsdrivande. Dei må alltid levere den mottekne sjølvmeldinga, sjølv om dei ikkje har endringar.
Eigarar av enkeltpersonføretak skal vanlegvis levere RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak. Sjølvmeldinga og RF-1175 Næringsoppgåve 1 er tilrettelagde for enkel utfylling på nett. Den elektroniske leveringstenesta hjelper deg med å leggje til dei rette vedleggsskjema og overføre dei fleste beløpa automatisk mellom sjølvmeldinga og skjema. Med elektronisk hjelp og kontroll er det enkelt, raskt og sikkert å levere ei komplett og rett sjølvmelding på Internett.