Arbeidsgivarar skal sende lønns- og trekkoppgåve til arbeidstakarane og til skattemyndigheitene. Om utfylling og bruk av kodane, sjå ”Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgaver”, 12. utgåve. Kodeoversikta ligg på skatteetaten.no
Lønns- og trekkoppgåver for 2010 skal leverast innan 20. januar 2011. For lønns- og trekkoppgåver som blir levert via altinn.no eller på maskinlesbart medium, er fristen 31. januar 2011. Maskinelle oppgåver skal sendast på CD/DVD-rom, diskett, magnetband o.a. til:
Skattedirektoratet
Grunnlagsdata
Postboks 6551 Etterstad
0606 OSLO
Om korleis ein skal levere maskinelle oppgåver og kvar ein skal sende oppgåvene, sjå ”Lønnsinnberetning på maskinlesbart medium”, 12. utgåve. Rettleiinga ligg på skatteetaten.no Ein kan ikkje søkje om utsetjing på innsending av maskinelle lønns- og trekkoppgåver eller oppgåver som blir levert via altinn.no
Dei som ikkje kan bruke altinn.no eller levere maskinelle oppgåver, skal sende lønns- og trekkoppgåver med følgjeskriv (RF-1025) til skatteoppkrevjaren (kemnaren/kommunekasseraren) i sin kontorkommune. Skatteoppkrevjarane kan gi nærmare opplysningar. Grunngitt søknad om utsetjing av innleveringsfristen for manuelle lønns- og trekkoppgåver må ein levere til skatteoppkrevjaren innan 20. januar. Ved levering via altinn.no, anten frå fagsystem som er integrert med Altinn, eller gjennom Altinn portal, skal ikkje årsoppgåva/følgjeskrivet (RF-1025) sendast på papir. Skatteetaten genererer ei elektronisk årsoppgåve (RF-1025e) på grunnlag av informasjonen som blir levert saman med lønns- og trekkoppgåvene. All tilbakemelding til oppgåvegjevar vil skje elektronisk, også kvittering/feilliste.
Sjølv om utbetalt godtgjering er under grensa for lønnsoppgåveplikt, må ein melde inn eventuelt forskottstrekk (kode 950).
Alle oppgåver må fyllast ut med fullstendige arbeidsgivar- og arbeidstakaropplysningar. For arbeidstakarar som er busette i utlandet, er det særleg viktig å gi nøyaktige opplysningar om namn og adresse.
Arbeidsgivarar kan bli pålagde eit gebyr på kr 10 per dag for kvar oppgåve som ikkje blir levert, som blir levert for seint eller som er mangelfull.
Utanlandske arbeidsgivarar som ikkje har varig verksemd her i riket, skal sende lønns- og trekkoppgåver for alle arbeidstakarar til:
Skatt vest – Skatteoppkrever utland
Postboks 8103
4068 Stavanger
Dette gjeld óg utanlandske arbeidsgivarar med verksemd på norsk kontinentalsokkel.
Arbeidstakarar bør kontrollere fødselsnummer og andre opplysningar på oppgåva. Meld frå til arbeidsgivar ved feil eller manglar.
Lønns- og trekkoppgåve (RF-1015) ligg på skatteetaten.no eller du kan få dei hos skatteoppkrevjaren. Kodeoversikta og rettleiinga”Lønnsinnberetning på maskinlesbart medium” ligg på skatteetaten.no
Spørsmål om innsending av lønns- og trekkoppgåver på maskinlesbart medium kan ein rette til Veiledningstjenesta GLD per e-post til lto@skatteetaten.no eller på telefon 800 80 000 (tasteval 5-3-1).
Alle øvrige spørsmål om lønns- og trekkoppgåver må ein rette til skatteoppkrevjar.
Oslo, 16. desember 2010