Hopp til hovedinnholdet på siden

Skattekort - skattetrekk og forskottsskatt for 2010

Kunngjøring, 22. desember 2009 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål
flereNyere versjon  Eldre versjonneste

Skattekortet skal arbeidstakar levere til arbeidsgivar straks det er motteke. Arbeidsgivar skal levere skattekortet tilbake til arbeidstakar når arbeidsforholdet blir avslutta. Skattytar må kontrollere beløpa på vedlagde skjema. Bruk skatteetaten.no/skort eller vedlagde skjema ved endring av skattekort/forskottskatt. For meir informasjon sjå baksida av tilsendt ”Grunnlag skattekort 2010” og skatteetaten.no

Beløpsgrense for frikort for skuleungdom er på kr 39 997. Frikort kan ein få ved å nytte skatteetaten.no/frikort eller ved å kontakte skattekontoret.

Det blir innført nye reglar for formuesverdsetjing av bustad, utanom fritidsbustad, våningshus og bustad i utlandet, frå og med inntektsåret 2010. Det er ikkje tatt omsyn til dei nye reglane ved utskrivinga av skattekortet. Det vert lagt ut informasjon om reglane på skatteetaten.no

Norsk kjeldeskatt på pensjon. Frå 1. januar 2010 er det nye reglar om skatt på pensjonar som blir utbetalte frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg.

Skatten er 15 prosent av brutto pensjon. Du finn meir informasjon i brosjyren "Nye regler om norsk kildeskatt på pensjon".

Arbeidsgivarane skal trekkje skatt i samsvar med skattekortet. Blir det ikkje levert skattekort, skal forskottstrekket vere 50 prosent av lønn, sjukepengar, foreldrepengar, dagpengar under arbeidsløyse, rehabiliteringspengar og attføringspengar, og 30 prosent av pensjons- og andre trygdeytingar. Arbeidstakarar kan be arbeidsgivaren trekkje meir skatt enn det skattekortet viser. Arbeidsgivarar som får overført skattekortopplysningar maskinelt, skal også krevje at skattekorta blir leverte inn. Dette er viktig for rett trekk av skatt (bruk av tabellkort) og for påskrifter som arbeidsgivar skal gje på kortet ved tilbakelevering til arbeidstakaren. I januar kan skattekortet for 2009 brukast dersom skattytaren ikkje har hatt moglegheit til å levere nytt skattekort.

Minstegrensene for forskottstrekk per oppgjersperiode er kr 200 for trekkbeløp og kr 1 000 for trekkpliktige ytingar. Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 4 000. Private arbeidsgivarar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 4 000.

Frå inntektsåret 2009 blir ikkje trekktabellane trykt i eit eige hefte. Tabellane ligg på skatteetaten.no/skort

Ved tabelltrekk i pensjon skal ein bruke månadstabell for pensjon. Ved andre trekkperiodar enn månadlege skal tabellen brukast etter kor lang perioden er.

For sjøfolk med krav på særskilt frådrag i inntekta om bord (sjømannsfrådrag), skal arbeidsgivaren trekkje frå 29 prosent av bruttoinntekta, maksimalt kr 4 200 per månad ved utrekninga av forskottstrekket.

Sjå skatteetaten.no for trekktabellar, dokumentasjon og program for å rekne ut skattetrekket.

Oslo, 22. desember 2009

   
 

Se også

Relaterte

Emner