Hopp til hovedinnholdet på siden

Skattekort - skattetrekk og forskottsskatt for 2011

Kunngjøring, 22. desember 2009, oppdatert 16. desember 2010 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål
Eldre versjonneste

Skattekortet skal arbeidstakar levere til arbeidsgivar straks det er motteke. Arbeidsgivar skal levere skattekortet tilbake til arbeidstakar når arbeidsforholdet blir avslutta. Skattytar må kontrollere beløpa på vedlagde skjema. Bruk skatteetaten.no/skattekort eller vedlagde skjema ved endring av skattekort/forskottsskatt. For meir informasjon sjå baksida av tilsendt ”Grunnlag skattekort 2011” og skatteetaten.no

Beløpsgrense for frikort for skuleungdom er på kr 39 950. Frikort kan ein få ved å nytte skatteetaten.no/frikort eller ved å kontakte skattekontoret.

Om ny eller gammal likningsverdi på bustadeigedom er brukt ved forskottsutskrivinga går fram av grunnlaget for skattekortet. I nokon tilfelle vil gammal likningsverdi bli lagt til grunn i skattekortet for 2011, sjølv om skattytar har levert bustadsopplysningar innan fristen 15.10.2010. Dette vil blant anna gjelde eigedomar som er omklassifiserte frå fritidseigedomar til boligeigedomar. Likningsverdien aukes med 10 prosent i 2011, for å teke omsyn til venta prisauke på bustadar i 2011.

Skattereglane er endra for pensjonistar. Det blir innført eit nytt skattefrådrag for alderspensjonistar og mottakarar av AFP frå 1. januar 2011. Samtidig blir reglane om særfrådrag for alder oppheva. Reglane om skatteavgrensing for låg inntekt gjeld ikkje lenger for dei som mottek alderspensjon eller AFP. For uførepensjonistar er det nye særfrådragssatsar og endringar i reglane om skatteavgrensing. Det er teke omsyn til dei nye reglane i skattekortet for 2011. Sjå skatteetaten.no for meir informasjon om dei nye reglane.

Arbeidsgivarane skal trekkje skatt i samsvar med skattekortet. Blir det ikkje levert skattekort, skal forskottstrekket vere 50 prosent av lønn, sjukepengar, foreldrepengar, dagpengar under arbeidsløyse og arbeidsavklaringspengar, og 30 prosent av pensjons- og andre trygdeytingar. Arbeidstakarar kan be arbeidsgivaren trekkje meir skatt enn det skattekortet viser. Arbeidsgivarar som får overført skattekortopplysningar maskinelt, skal også krevje at skattekorta blir leverte inn. Dette er viktig for rett trekk av skatt (bruk av tabellkort) og for påskrifter som arbeidsgivar skal gje på kortet ved tilbakelevering til arbeidstakaren. I januar kan skattekortet for 2010 brukast dersom skattytaren ikkje har hatt moglegheit til å levere nytt skattekort.

Minstegrensene for forskottstrekk per oppgjersperiode er kr 200 for trekkbeløp og kr 1 000 for trekkpliktige ytingar. Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 4 000. Private arbeidsgivarar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 4 000.

Trekktabellane finn du på skatteetaten.no/skattekort

Ved tabelltrekk i pensjon skal ein bruke månadstabell for pensjon. Ved andre trekkperiodar enn månadlege skal tabellen brukast etter kor lang perioden er.

For sjøfolk med krav på særskilt frådrag i inntekta om bord (sjømannsfrådrag), skal arbeidsgivaren trekkje frå 29 prosent av bruttoinntekta, maksimalt kr 4 200 per månad ved utrekninga av forskottstrekket.

Sjå skatteetaten.no for trekktabellar, dokumentasjon og program for å rekne ut skattetrekket.

Oslo, 16. desember 2010