Hopp til hovedinnholdet på siden

Skattekort - skattetrekk og forsottsskatt for 2009

Kunngjøring, 5. januar 2009 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål
flereNyere versjon 

Skattekortet skal arbeidstakar levere til arbeidsgivar straks det er motteke. Arbeidsgivar skal levere skattekortet attende til arbeidstakar når arbeidsforholdet vert avslutta. Skattytar må kontrollere beløpa på vedlagde skjema som skal brukast ved endring av skattetrekket. For meir informasjon sjå baksida av tilsendt ”Grunnlag skattekort 2009” og skatteetaten.no

Beløpsgrense for frikort for skuleungdom er på kr 39 997. Frikort kan ein få ved å nytte skatteetaten.no/frikort eller ved å kontakte skattekontoret.

Det er innført skattefritak for arbeidsinntekt inntil kr 10 000 til barn som ved utgangen av inntektsåret er 12 år eller yngre. Dersom samla lønnsinntekt for barnet er høgare enn kr 10 000, blir det overskytande skattepliktig og likna saman med foreldra si inntekt.

Arbeidsgivarane skal trekkje skatt i samsvar med skattekortet. Blir det ikkje levert skattekort, skal forskottstrekket vere 50 prosent av lønn, sjukepengar, foreldrepengar, dagpengar under arbeidsløyse, rehabiliteringspengar og attføringspengar, og 30 prosent av pensjons- og andre trygdeytingar. Arbeidstakarar kan be arbeidsgivaren trekkje meir skatt enn det skattekortet viser. Arbeidsgivarar som får overført skattekortopplysningar maskinelt, skal også krevje at skattekorta blir leverte inn. Dette er viktig for rett trekk av skatt (bruk av tabellkort) og for påskrifter som arbeidsgivar skal gje på kortet ved tilbakelevering til arbeidstakaren. I januar kan skattekortet for 2008 brukast dersom skattytaren ikkje har hatt moglegheit til å levere nytt skattekort.

Minstegrensene for forskottstrekk per oppgjersperiode er kr 200 for trekkbeløp og kr 1 000 for trekkpliktige ytingar. Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 4 000. Private arbeidsgivarar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 4 000.

Frå inntektsåret 2009 vert ikkje trekktabellane trykt i eit eige hefte. Tabellane ligg på skatteetaten.no/skort
Ved tabelltrekk i pensjon skal ein bruke månadstabell for pensjon. Ved andre trekkperiodar enn månadlege skal tabellen brukast etter kor lang perioden er.

For sjøfolk med krav på særskilt frådrag i inntekta om bord (sjømannsfrådrag), skal arbeidsgivaren trekkje frå 29 prosent av bruttoinntekta, maksimalt kr 4 200 per månad ved utrekninga av forskottstrekket.

Skattedirektoratet sitt arbeidsgivarhefte del 1 gir nærmare opplysningar om forskottstrekk o.a. Heftet ligg på skatteetaten.no. Sjå skatteetaten.no for trekktabellar, dokumentasjon og program for å rekne ut skattetrekket.

Oslo, 22. desember 2008