Hopp til hovedinnholdet på siden

Skattetrekket i 2008

Kunngjøring, 8. januar 2008 Del/tips Utskriftversjon  Bokmål
flereNyere versjon  Eldre versjonneste

Nattillegg på tenestereise

Nattillegg er berre trekkfritt i den utstrekning dei faktiske losjiutgiftene blir dokumenterte. Overstig nattillegget dei faktiske losjiutgiftene skal det no gjennomførast forskottstrekk i differansen. Berre ulegitimert nattillegg på innanlandsreiser på inntil kr 400 per døgn kan no vere trekkfritt.

Elektronisk kommunikasjon

Innhaldstenester som arbeidsgivar dekkjer i tillegg til dei reine kommunikasjonskostnadene, inngår ikkje i sjablonreglane. I tilfeller der arbeidsgivar dekkjer kostnader til privat bruk av innhaldstenester, skal denne fordelen beskattast i tillegg til sjablonbeløpet og vil vere trekkpliktig.

Satsar for trekkpliktige naturalytingar o.a.

Fri kost og losji  Satsar per døgn
Fritt opphald - kost og losji kr 100
Fri kost - alle måltida kr 73
Fri kost - to måltid kr 57
Fri kost - eitt måltid kr 38
Fritt losji - eitt eller delt rom kr 27

Skattedirektoratets forskottssatsar for trekkfri kostgodtgjering Satsar
For arbeidstakarar som bur på pensjonat eller hybel/brakke utan høve til å
koke mat (og som ville hatt krav på frådrag for meirutgifter til kost) kr 269
For arbeidstakarar som bur på hybel/brakke der det er høve til å koke mat eller
har overnatta privat (og som ville hatt krav på frådrag for meirutgifter til kost) kr 174

Fordel ved privat bruk av firmabil

Fordelen ved privat bruk av firmabil blir fastsett til 30 prosent av bilens listepris som ny inntil kr 249 600 og 20 prosent av overskytande listepris.

For:

  • bilar eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret, eller
  • skattytare som godtgjer at yrkeskjøringa overstig 40 000 km i inntektsåret, eller
  • el-bilar

blir det ved utrekninga i avsnittet ovanfor teke utgangspunkt i berre 75 prosent av bilen sin listepris som ny. Ved kombinasjon av to eller fleire av punkta ovanfor reknast fordelen berre av 56,25 prosent av bilen sin listepris som ny, med unntak av kombinasjonen el-bil og yrkeskjøring over 40 000 km der det likevel blir rekna med 75 prosent av bilen sin listepris som ny.

Ved firmabilordning i delar av inntektsåret, blir fordelen fastsett forholdsmessig for det tal heile og påbegynte månader bilen har stått til disposisjon.

Trekkfri reisegodtgjering for heimreise for pendlar (ikkje dagpendlar) som arbeidsgivar dekkjer: 

per km inntil 35 000 km per år kr 1,40
per km over 35 000 km per år kr 0,70

Kjøregodtgjering for yrkes- eller tenestekjøring er trekkfri dersom godtgjeringa samsvarer med satsane og vilkåra elles i statleg regulativ.

Rentefordel ved rimelege lån i arbeidsforhold

Normrentesats i januar og februar 2008  5,25 prosent
Eventuelle seinare endringar i rentesatsen vil gå fram av skatteetaten.no under “Tabeller og satser”.

Andre trekkpliktige naturalytingar

Verdi av andre naturalytingar, sjå forskrift av 21. juni 1993 nr. 546, jf. Skattedirektoratets melding Sk nr. 12/1993.
Se også skatteetaten.no for meir informasjon.
Oslo, 21. desember 2007

   
 

Se også

Relaterte

Emner