Bli elektronisk brukar

  • Skriv ut

No er elektronisk kommunikasjon hovudregelen i dialogen mellom deg og stat og kommune. 

Dette er fordelane:

  • Vi varslar deg på mobil og/eller e-post når du får informasjon frå oss elektronisk.
  • Du får raskare svar på ei sak eller ein førespurnad, fordi vi unngår postgang.
  • Du forhindrar at uvedkomande får tilgang til dei personlege opplysningane dine.
  • Brevet blir teke vare på i ditt eige arkiv på altinn.no, saman med annan elektronisk post.
  • Du har rask og enkel tilgang til alle dokumenta dine til bruk i t.d. banken og NAV.
  • Du kan svare direkte til sakshandsamar via eit svarskjema.
  • Vi kan gi deg tidlegare skatteoppgjer.

Opprett brukarprofil i ID-porten

Når du har skaffa deg ID, kan du opprette ein brukarprofil i ID-porten. Logg inn med den ID-en du har skaffa deg.

Kontaktopplysningar

Det er like viktig at du har rett mobilnummer og e-postadresse registrert i brukarprofilen din i ID-porten, som at du har rett adresse i folkeregisteret.

Du kan oppdatere kontaktopplysningane dine her.

Kontaktopplysningane dine blir registrerte i eitt felles register, som offentlege verksemder gradvis tek i bruk. Skatteetaten tok i bruk registeret i juni 2014. Stat og kommune ønskjer å kommunisere med deg elektronisk i staden for på papir, med mindre du reserverer deg.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.