Send oss e-post om ei pågåande sak

  • Skriv ut

Er du allereie i dialog med oss om ei sak og vil sende ein e-post med spørsmål eller meir informasjon om saka?

Logg inn til "Min meldingsboks" i Altinn

Slik gjer du det når du har logga deg inn:

  • Du kjem til "Min meldingsboks" i Altinn.
  • Vel det svaret frå oss som gjeld den aktuelle saka di.
  • Klikk på "Kontaktskjema" for å få opp eit kontaktskjema med førehandsutfyltsaksnummer. Still spørsmåla dine eller legg til informasjon.

Finn du ikkje korrespondanse om saka di i "Min meldingsboks" i Altinn?

Du treng eit saksnummer for å stille spørsmål eller leggje til informasjon om ei pågåande sak.

Du finn saksnummeret til saka di i breva vi har sendt deg om saka.

Slik ser saksnummeret ut

SOL + 12 siffer. Døme: SOL000001189452
ÅÅÅÅ/5 siffer. Døme: 2012/12345
Saksnummer for MVA, nummerering i stigande rekkjefølgje. Døme: 16644694

Når du har saksnummeret klart, kan du sende oss ein e-post her. Vel tema, logg inn og oppgi saksnummeret saman med spørsmålet eller informasjonen du vil sende til oss.

Har du ikkje saksnummer? Send oss ein e-post her.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.