Bestill tid på skattekontoret

  • Skriv ut

Nå kan du bestille tid på førehand hjå skattekontora. Vi gjer merksam på at det settast av 15 minutt til kvart førehandsbestilte besøk.  

Førespurnader som krev ID-kontroll er dei einaste sakene som krevjer personleg oppmøte på eit skattekontor.

Vi gjer merksam på at dei fleste sakene kan løysast ved å kontakte oss på telefon 800 80 000. Skulle du likevel ønske å snakke med oss personleg om skatt, avgift og folkeregistrering, kan du bestille tid.

Vi tilbyr både drop-in og førehandsbestilling av tid på skattekontora, men på skattekontora på Hamar og Sandvika er det kun førehandsbestilling.

Vi gjer oppmerksam på at førehandsbestilling vil prioriterast og gje kortare ventetid ved kø.

Førehandsbestilling kan gjerast inntil 14 dagar fram i tid.

Vi gjer merksam på at alle førespurnadar blir løyst i skranken på skattekontoret, og det settast av eit kvarter for kvart førehandsbestilte besøk. Dei fleste sakene løysast innanfor dette tidsintervallet.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.