Lønn opptil 60 000 kroner = inga arbeidsgivaravgift

  • Skriv ut

Når du engasjerer privatpersonar for å få utført lønnsarbeid i heimen eller på fritidseigedomen din, blir du rekna som arbeidsgivar for den som gjer arbeidet.

Du kan betale ut lønn og sleppe arbeidsgivaravgift dersom

  • arbeidet skjer heime, i hagen, på hytta eller på bilen 
  • utbetalt lønn ikkje utgjer meir enn 60 000 kroner i året
  • du betaler som privatperson
  • den som utfører arbeidet, ikkje har firma i same bransje

Alle krava må vere oppfylte for å sleppe arbeidsgivaravgift. For barnepass er også beløp over 60 000 kroner fritekne for arbeidsgivaravgift.

Gjer det enkelt

Betaler du og husstanden din lønn som til saman ikkje overstig 60 000 kroner per år, kan du bruke Melding om lønna arbeid i heimen (A04). Denne fyller du ut og leverer elektronisk. Meldinga gjer det enklare for deg å oppfylle arbeidsgivarpliktene.

Hugs at all lønn, også kontantlønn, feriepengar, sjukepengar og verdien av eventuell fri kost og losji som arbeidstakaren har teke imot, skal reknast med. Sørg for å få kontonummer frå den som arbeider for deg.

Betaler du lønn over 60 000?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.