Privatpersonar sitt ansvar ved kontantkjøp – skattebetalingslovas § 16-50

  • Skriv ut

Privatpersonar som betaler for kjøp av tenester frå næringsdrivande med over 10 000 kroner i kontantar, kan bli gjort medansvarlege dersom seljar har unndrege skatt, trygdeavgift og/eller meirverdiavgift.

Det same gjeld når leveransen omfattar varer saman med tenester. Som kjøpar er du ansvarleg sjølv om du ikkje visste at den du kjøpte tenesta av, hadde planar om å unndra skatt, trygdeavgift eller meirverdiavgift. Du unngår å få eit slikt medansvar ved å betale for kjøp av tenester via bank.

Du har medansvar når:

  • du som privatperson kjøper tenesta av ein næringsdrivande
  • den næringsdrivande unndreg skatt, trygdeavgift og meirverdiavgift
  • du betaler meir enn 10 000 kroner i kontantar direkte til seljar
  • det samla vederlaget for tenesteleveransen utgjer meir enn 10 000 kroner

Du unngår medansvar når:

  • du betaler via bank til mottakaren sin konto (til dømes betaler med kort, nettbank, giro eller liknande)

Kva omfattar regelen?

Eit ansvar for tenester kan omfatte alt frå kjøp av handverkartenester, barnepass og reingjering i heimen til kjøp av frisør- og skjønnheitsbehandlingar eller bilreparasjonar utanfor heimen. Føresegna gjeld òg kjøp av varer i kombinasjon med tenester. Dette kan til dømes vere dersom du kjøper handverkartenester eller bilreparasjonar der ytinga ofte òg inkluderer ein viss del materialar eller utstyrsdelar.

Gjeld òg laupande tenester

Beløpsgrensa på 10 000 kroner gjeld ikkje berre ved enkeltkjøp, men òg samla over tid dersom det kan reknast som ein samla leveranse. Det er derfor ikkje mogleg å stykke opp fakturaen, slik at kvar faktura fell under beløpsgrensa. Lovføresegna gjeld òg for faste, laupande tenester, til dømes reingjering eller barnepass. Har du ein person som reingjer huset ditt kvar veke for nokre hundrelappar, bør du altså sørgje for å betale vedkomande via bank.

Betal via bank – ikkje kontant

For å unngå å bli gjort medansvarleg og dermed måtte betale for tenesteytaren sine eventuelle skatte- og avgiftsunndragingar, er det berre éin ting du som kjøpar treng å tenkje på: Betal via bank – ikkje kontant!

Kva risikerer du?

Ettersom du som kjøpar er direkte og solidarisk ansvarleg for den næringsdrivande sine skatte- og avgiftsunndragingar, kan skatt og avgift av det beløpet du har betalt kontant bli kravd inn frå deg. Den nye lova fører berre til medansvar for kjøpar dersom den næringsdrivande unnlèt å oppgi den aktuelle kjøpesummen til skattlegging eller ikkje rapporterer inn meirverdiavgift av dette. Kjøparen sitt ansvar er i utgangspunktet avgrensa til den skatten og meirverdiavgifta som skulle vore rekna ut av den aktuelle kjøpesummen. 

Straffbart å kjøpe svart

Det er ikkje lov i Noreg å kjøpe eller tilby tenester svart, verken om du betaler kontant eller via bank. Dersom det kan bevisast at kjøpar bevisst har vore med på å unndra skattar og avgifter, kan kjøpar straffast for å ha bidrege til svart arbeid. Både den som tilbyr og den som kjøper svarte tenester, kan i alvorlege tilfelle risikere å bli teken for brot på straffeføresegner i likningslova, meirverdiavgiftslova og straffelova. Dersom du blir teken for medverknad til svart arbeid, kan du i verste fall bli dømd til fengsel.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.