Småjobbar

  • Skriv ut

Kvar husstand kan i løpet av eitt år betale ut inntil 6 000 kroner til ein eller fleire personar – skattefritt.

Slik kan du med godt samvit hyre inn naboguten eller nabojenta til å klippe plenen

Når du treng hjelp til enklare og meir kortvarige arbeidsoppdrag, til dømes hagearbeid, arbeid på huset eller hytta, reinhald og anna husarbeid, gjeld desse reglane.

Lønn for småjobbar er kvitt og skattefritt dersom:

  • arbeidet skjer i tilknyting til heimen eller fritidseigedomen din, til dømes reinhald, hagestell, snømåking og arbeid på bygning, hage, køyretøy og lausøyre.
  • utbetalt lønn frå husstanden din ikkje utgjer meir enn 6000 kr i året per person. Beløpsgrensa gjeld for husstanden, fordi betalingar for private arbeidsoppdrag knytte til heim eller fritidsbustad normalt blir rekna som utbetalte på vegner av husstandsfellesskapet.
  • du betaler som privatperson.
  • den som utfører arbeidet, ikkje har firma i same bransje.

Alle krava over må vere oppfylte.

Gjer det enkelt

Fyll ut og lever eit eksemplar av Melding om lønna arbeid i heimen til arbeidstakaren samtidig med kvar utbetaling. 

Så lenge lønna er på 6000 kroner eller mindre i løpet av eitt år frå same arbeidsgivar, reknar ikkje skattestyresmaktene ut skatt av dette, og du treng heller ikkje gjennomføre forskotstrekk i utbetalinga.

Dersom lønna overstig kr 6000 skal lønna rapporterast samtidig med utbetalinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.