Straff for å betale svart

  • Skriv ut

Dersom du betaler handverkarar svart, kan du bli dømt til fengsel. Det slo Høgsterett fast i ein dom som fall 7. april i år då ein hytteeigar fekk 21 dagars fengsel utan vilkår for å ha betalt svart for innreiingsarbeid på hytta.

Av Jens Erik Holmås, avdelingsdirektør skattekrim, Skatt sør

Snikkaren utførte innreiingsarbeid på hytta for meir enn kr 300 000,- og medverka dermed til å unndra skattar og avgifter for over kr 90 000,-. Det førte til 21 dagars fengsel utan vilkår. I tillegg blei innsparinga til hytteeigaren, utrekna til kr 80 000, inndregen til fordel for statskassen.

Staten fekk i saka gjennomslag i Høgsterett for at privatpersonar kan straffast med fengsel dersom dei betaler handverkarar svart og dermed medverkar til alvorleg skatte- og avgiftsunndraging. Når oppdragsgivaren – i dette tilfellet hytteeigaren – er klar over at jobben blir gjort utan at skatt og avgift blir betalt, kan det følgje eit medverknadsansvar. I dette ansvaret ligg det både krav om at oppdragsgivaren sjølv må betale for handverkaren si manglande innbetaling av skattar og avgifter, og risiko for fengsel utan vilkår og inndraging av innsparinga.

Svart arbeid er eit trugsmål mot finansieringa av velferdsstaten. I tillegg verkar svart omsetning konkurransevridande. Det kan føre til at seriøse aktørar blir pressa ut av marknaden.

Den siste store "svart arbeid-undersøkinga" som blei gjennomført av TNS Gallup for Samarbeid mot svart økonomi i februar 2009, viste at 37 prosent av dei spurde hadde kjøpt eller vurderte å kjøpe svart arbeid, mens 43 prosent gav opp at dei kjenner nokon som har kjøpt svart arbeid. Det at privatpersonar kjøper svarte tenester er eit alvorleg samfunnsproblem. Høgsterett legg då òg stor vekt på den allmennpreventive effekten i grunngjevinga si for den strenge straffeutmålinga.

Tenk deg om

Det er fleire grunnar til å betale kvitt når du skal gjere byggjearbeid. Undersøkingar viser at handverkarar som er useriøse i høve til skattar og avgifter, også tek lett på lover og reglar og inngåtte avtalar. I mange tilfelle er det påvist at useriøse handverkarar ikkje utfører arbeid av god kvalitet. Dette kan påføre privatpersonar store ekstrautgifter fordi arbeid må gjerast om igjen. Kvart einskild oppdrag med svart arbeid reduserer inntektene til staten og fører til strammare økonomi i kommunane og staten. Velferdsstaten blir svekt. Kontrollarbeidet Skatteetaten gjer, viser at det blir stadig meir svart arbeid og skatteunndraging. Då må ein ta i bruk sterke verkemiddel som fleire aksjonar, bruk av tilleggsskatt og fengsel, for å demme opp mot denne utviklinga.

Medverknad

Snikkaren i saka ovanfor blei dømt til fengsel for svart arbeid. Skatteetaten sin kontroll av handverkarar for å avdekkje svart arbeid er framleis den viktigaste innfallsporten i kontrollarbeidet – den som utfører svart arbeid skal stoppast og haldast økonomisk ansvarleg. Det nye elementet er at privatpersonar – den som bestiller det svarte arbeidet – risikerer både fengselsstraff og inndraging av midlar. Dommen er eit kraftig signal om at det å bestille svart arbeid er samfunnsskadeleg verksemd som må stoppast. Ved å bestille svart arbeid medverkar du til at handverkarar vel å opptre useriøst.

Så er det mange som hevdar at: "Eg kan ikkje vite om handverkaren betaler skatt og avgift som bestemt". Og det er ei vanskeleg vurdering å leggje på den vanlege borgar. Men likevel: Som oftast kjem handverkarar som opptrer useriøst med fleire alternativ; "Med eller utan moms?" "Skal du ha rekning blir prisen ein annan." Eller "prisen er så låg at det er ikkje mogeleg å få plass til skatt og avgift". Ofte er det vel slik at det burde blinke mange raude varsellamper. Enkelte avtalar blir gjort munnleg. Korleis skal ein då eventuelt kunne reklamere på arbeidet?

Dommen i Høgsterett legg ei aktsemdsnorm på kvar enkelt av oss når det gjeld å avgrense marknaden og handlingsrommet til dei useriøse svarte aktørane.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.