Betalingsproblem

Har du store problem med å betale skuldige skattar og avgifter, finst det i særlege tilfelle høve til å inngå avtale om betaling. Kontakt skattekontoret om det gjeld meirverdiavgift og arveavgift, skatteoppkrevjarkontoret om det gjeld skatt og arbeidsgivaravgift. Du må kunne dokumentere alle opplysningar som viser at du ikkje er i stand til å betale. Skattekontoret svarar på søknad om avdragsordning for meirverdiavgift innan tre veker.

Andre skriftlege spørsmål om innkrevjing behandlar skattekontoret innan tre månader. Du får melding om skattekontoret sender saka vidare i etaten.

Skatteetaten er statleg og består av Skattedirektoratet og skattekontor organisert i fem regionar. Skatteoppkrevjarkontoret er kommunalt og kallast og kommunekasserar eller kemnerkontor.