Flyttemelding og attestar frå folkeregisteret

Flyttemelding

Skattekontoret er registerførar for folkeregisteret. Når du flytter, skal du sende flyttemelding til skattekontoret innan åtte dagar. Meldinga kan leverast kor som helst i landet, utan omsyn til kvar du bur eller kva stad du skal flytte til. Ved innvandring er det eit krav om personleg frammøte og du må legitimere deg med pass eller tilsvarande reisedokument som syner riksborgarskapet. Har du meldt flytting, kjem skattekort, sjølmelding og annan offentleg informasjon til riktig adresse. Flyttemeldingsblanketten får du på skattekontoret og på skatteetaten.no. Vert  flyttemeldinga levert på papir, må du sende med kopi av legitimasjonsdokument (sjå rettleiinga til blanketten). Du kan og melde flytting elektronisk på skatteetaten.no, norge.no og altinn.no. Bruk PIN-kodane til offentlege tenester ved pålogging. Leverer du elektronisk treng du ikkje sende med legitimasjon.  

Rett til å klage

Du kan klage på vedtak innan tre veker. Klagen sender du til skattekontoret, skriftleg og grunngjeven. Du får melding dersom skattekontoret sender klagen vidare til Skattedirektoratet.

Attestar

Bustadsattest, fødselsattest eller fødselsnummerstadfesting tingar du frå skattekontoret. Vi sender deg det innan tre dagar etter at vi har fått tinginga. Hugs at postgang kan ta opptil ei veke utover dette.  Det gjeld særlege reglar for kven som har rett til få utstede fødselsattest. 

Prøvingsattest/attest for inngåing av ekteskap etter utanlandsk rett

Eigenerklæringar, forlovarerklæringar og andre naudsynte dokument (sjå rettleiinga på baksida av eigenerklæringa (Q-0150) sender du til skattekontoret. Er vilkåra for å gi attest oppfylt, sender vi deg attest innan 14 dagar etter at dokumenta er mottekne. Ver likevel merksam på at attest normalt ikkje vert gitt før det er gått ei veke etter at dokumenta er mottekne. Berre i særlege tilfelle etter oppmoding frå prest, ordførar eller politi kan du få attest raskare. Skjema for eigenerklæringar for brudepar og forlovarar finn du på skatteetaten.no

Meir informasjon

Du finn meir informasjon på skatteetaten.no