Næringsdrivande

Sjølvmelding og forskottsskatt

Næringsdrivande i enkeltpersonføretak og personlege deltakarar i deltakarlikna selskap skal levere skattemelding innan 30. april. Dei som leverer elektronisk har frist til 31. mai. Har du ikkje motteke sjølvmeldinga innan 15. april, må du kontakte skattekontoret. Det første året du er sjølvstendig næringsdrivande, må du be om forskottsskatt. Ting nytt skattekort på skatteetaten.no eller send “Søknad om endring av eller krav om skattekort/forskottsskatt” til skattekontoret.

Klage på fastsettinga

Sjå “Klage på fastsettinga” for lønnstakarar, pensjonistar og trygdemottakarar.

Registrering i meirverdiavgiftsmanntalet

Næringsdrivande som er avgiftspliktige skal registrere seg i meirverdiavgiftsmanntalet. For å registrere verksemda, sender du skjemaet “Samordna registermelding” til skattekontoret der verksemda har forretningsstaden sin, eller til Einingsregisteret i Brønnøysund. Skjemaet får du mellom anna på skattekontoret. Skattekontoret behandlar søknaden om registrering innan tre veker. I tillegg kjem behandlingstid ved Brønnøysundregistra. Skattekontoret kan opplyse om ei verksemd er registrert i meirverdiavgiftsmanntalet.

Rett til å klage

Dersom søknaden om registrering blir avslått, kan du klage til skattekontoret innan tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen må vere skriftleg og bør grunngivast.

Omsetningsoppgåve

Alle som er registrert i meirverdiavgiftsmanntalet skal levere omsetningsoppgåve. Omsetningsoppgåva kan leverast elektronisk på altinn.no eller ved innsending av oppgåveblankett. Dei som ikkje leverer elektronisk får tilsendt førehandsnamna oppgåveblankett. For elektronisk levering sjå informasjon på skatteetaten.no eller på altinn.no

Meirverdiavgift skal betalast inn til staten via den sentrale innbetalingskontoen for meirverdiavgift, konto nr 7690 050 0013. Ved manglande eller ugyldig KID må skattekontoret kontaktast.

Dersom du har meirverdiavgift tilgode, utbetalar skattekontoret beløpet innan tre veker etter at omsetningsoppgåva er motteken. Dette gjeld ikkje dersom oppgåva blir teken ut til kontroll eller om du skuldar andre skattar eller avgiftar som kan motreknast mot tilgodesummen.

Fortolking av reglane om meirverdiavgift

Har du spørsmål om reglane, kan du kontakte skattekontoret. Skattekontoret svarer på skriftlege spørsmål innan fire veker. Svar på munnlege spørsmål blir gitt innan ein dag. Svara er førebels fråsegn og gir ikkje klagerett.

Arbeidsgivaravgift og lønns- og trekkoppgåver

Arbeidsgivar skal rekne ut arbeidsgivaravgift av lønn og andre avgiftspliktige godtgjeringar. Arbeidsgivaravgifta skal betalast til skatteoppkrevjarkontoret. Skatteoppkrevjarkontoret kontrollerer lønns- og trekkoppgåver, utrekning og innbetaling av skattetrekk og arbeidsgivaravgift. Skatteoppkrevjarkontoret rettleier og informerer om reglane for lønns- og trekkoppgåve, skattetrekk og arbeidsgivaravgift. Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver og LønnsABC finn du på skatteetaten.no

Bokettersyn

Alle næringsdrivande kan få bokettersyn. Bokettersyn blir i regelen varsla. Under ettersynet får du informasjon om rettane og pliktene dine. Du får høve til å uttale deg før vedtak blir treft.

Skatteattest

Næringsdrivande som vil dokumentere at dei har betalt skattar og avgifter, kan be om skatteattest. Skal du ha attest for skattar og arbeidsgivaravgift som du har betalt, må du vende deg til skatteoppkrevjarkontoret. Skattekontoret sender ut attest for betalt meirverdiavgift, og du får den innan ein dag. Dersom du hentar attesten, må du ha med legitimasjon og fullmakt.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om skatt, meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift og a-ordninga på skatteetaten.no For dei som skal starte eiga verksemd viser vi til brosjyra "Ny som næringsdrivende" og “Når du driver egen bedrift”, som du finn på altinn.no