Skatteetatens service

Serviceerklæringa frå Skatteetaten fortel deg kva for ein service du kan vente av etaten. Her finn du informasjon om kven du vender deg til og dei rettane og pliktene du har.

Serviceerklæringa gjeld dei vanlegaste sakene. For at vi skal halde serviceerklæringa, må du gi alle nødvendige opplysningar og sende skjema rett utfylt. Om behandlingstida blir lenger enn det som står i serviceerklæringane, får du melding. I dei tilfella der saksbehandlingstida er sett til “dagar” er det meint arbeidsdagar. Større reguleringar av regelverk og ordningar kan føre til at behandlingstida blir lengre i ein overgangsfase.

Skatteetaten behandlar opplysningar om deg fortruleg. I nokre tilfelle kan du be om å få sjå saksdokumenta som gjeld deg. Ta kontakt med kontoret som behandlar saka di.
Vi ynskjer at serviceerklæringa skal bidra til at vi kan utvikle tenestene og produkta våre. Synspunkt på service eller serviceerklæringa frå Skatteetaten kan du gi på skatteetaten.no eller ved å kontakte kontoret som behandlar saka di.