• Skriv ut

I dei fleste tilfelle kan du no endre skattemeldinga sjølv om leveringsfristen er passert.

  • Du skal endre dersom du oppdagar feil eller har teke imot nye eller forseinka opplysningar frå arbeidsgivar, bank, NAV eller andre som er opplysningspliktige.
  • Du kan klage dersom du har teke imot eit vedtak frå Skatteetaten om at vi har endra skattemeldinga di. For å klage treng du eit vedtaksnummer. Dersom du ikkje har teke imot eit vedtak, skal du endre skattemeldinga sjølv.

Korleis veit eg at eg har fått eit vedtak frå Skatteetaten?

Når vi har gjort endringar, sender vi deg eit vedtak. Eit vedtak er ei avgjerd frå Skatteetaten om at vi har endra opplysningane i skattemeldinga di. Dette kallar vi styresmaktsfastsetting. 

Når du får eit vedtak går det fram anten

  • i eit eige brev eller
  • som ein merknad på skatteoppgjeret ditt

Når du får eit vedtak går det fram i eit eige brev eller på skatteoppgjeret ditt, at vi har gjort eit vedtak.

Dersom du ikkje har fått eit vedtak frå Skatteetaten, kan du svare nei på dette.

 

Kva vil du gjere?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.