• Skriv ut
  • 1 Du kan endre skattemeldingen selv

Du skal endre skattemeldinga sjølv dersom du oppdagar feil eller har teke imot nye eller forseinka opplysningar.

Fristen for å levere skattemeldinga er passert, men du kan framleis gjere endringar og levere skattemeldinga. Det gjer du ved å logge inn i Altinn:

Kva skjer etter at eg har endra?

Etter du har endra skattemeldinga, får du tilsendt eit nytt skatteoppgjer i løpet av 3 månader.

Du kan ikkje endre for inntektsåret 2015 eller tidlegare

Høvet til å endre gjeld berre frå og med inntektsåret 2016.

Dersom det er feil i sjølvmeldinga for inntektsåret 2015 eller tidlegare, kan du berre endre dette ved å sende ei klage til Skatteetaten.

Er du usikker på kva du skal endre?

For å få hjelp til å vite kva og korleis du kan endre, kan du sjå oversikta vår over tema og frådrag i skattemeldinga. Du kan òg sjå alle postane i skattemeldinga.

Dersom du framleis er usikker, kan du kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.