• Skriv ut
  • Kommunen har brukt verdiar frå Skatteetaten

Klage på bustadverdi og bustadopplysningar

Du kan klage til Skatteetaten, men for å fortelje deg korleis du går fram for å klage, må vi vite kva du meiner er feil.

Nyttig å vite:

Slik fastset ein grunnlaget

 

Grunnlaget er basert på Skatteetaten sin estimerte marknadsverdi (bustadverdi) på bustaden din, som blir fastsett med utgangspunkt i ein kvadratmeterpris berekna av Statistisk sentralbyrå (SSB). Kvadratmeterprisen skal gi uttrykk for ein estimert marknadsverdi per kvadratmeter og byggjer på statistiske opplysningar om omsette bustader, i tillegg til bustadtype, P-ROM (areal), plassering og alder. Det blir òg teke omsyn til om bustaden ligg i eit område som er tett- eller spreiddbygd.

Du kan lese meir om korleis grunnlaget blir fastsett, og berekne verdien på din eigen bustad.

 

Grunnlaget blir henta to år tilbake i tid

 

For eigedomsskatt som er utskriven i 2017, nyttar ein Skatteetaten sitt grunnlag som er henta frå likninga for inntektsåret 2015.

For inntektsåret 2015 utgjer likningsverdien normalt 25 prosent av estimert marknadsverdi for primærbustad, og 70 prosent av estimert marknadsverdi for sekundærbustad. Om bustaden er primær- eller sekundærbustad har ikkje noko å seie for storleiken på eigedomsskatten.

 

 Kva meiner du er feil?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.