• Skriv ut
  • 1 Likningsverdien er for høg

Estimert marknadsverdi

Dersom du meiner likningsverdien er for høg i høve til reell marknadsverdi, kan du krevje at likningsverdien til Skatteetaten blir nedjustert.

Når kan den estimerte marknadsverdien vere sett for høgt?

 

Dersom bustaden din til dømes har ein standard under gjennomsnittet i den kommunen eller bydelen du bur, kan den estimerte marknadsverdien (bustadverdi) til Skatteetaten vere for høg.

Det er fastsett visse grenser for kor høg likningsverdien din kan vere i høve til reell marknadsverdi. Storleiken på likningsverdien er viktig når ein skal rekne ut eigedomsskatten.

Dersom likningsverdien på bustaden din overstig grensene nedanfor, kan du krevje at likningsverdien blir sett ned. Ein må vise til grensene som gjaldt det inntektsåret utrekningsgrunnlaget (bustadverdiane) er henta frå.

For eigedomsskatt som blir utskriven i 2017 er det grensene som gjaldt for inntektsåret 2015 som er aktuelle:

  • For bustaden du eig og bur i (primærbustad), kan du krevje nedsetjing dersom likningsverdien utgjer meir enn 30 prosent av marknadsverdien
  • For ein bustad du eig, men ikkje er registrert busett i (sekundærbustad), kan du krevje nedsetjing dersom likningsverdien utgjer meir enn 84 prosent av marknadsverdien.

Frist

 

Det første året kommunen bruker verdiar frå Skatteetaten som grunnlag for å rekne ut eigedomsskatten, er fristen for å klage seks veker etter at du har teke imot eigedomsskattesetelen.

For etterfølgjande år gjeld dei vanlege klagereglane i skatteforvaltingslova. Fristen for å klage på fastsett formuesverdi (likningsverdi) er vanlegvis gått ut når du tek imot eigedomsskattesetelen, slik at du i staden må be Skatteetaten om å få endra tidlegare års fastsetting. Skatteetaten vurderer då om det ligg føre tilstrekkeleg grunn til å ta opp og handsame saka.

Du må betale eigedomsskatten til forfall sjølv om du klagar.

Dette må du skrive og dokumentere i klaga

 

Du må grunngi klaga og gi opplysningar om det du meiner er feil.

Du må dokumentere marknadsverdien til bustaden. Med dokumentasjon meiner vi først og fremst takst som er avgitt av ein kvalifisert takstmann / ei verdivurdering frå eigedomsmeklar eller dokumentasjon rundt observerbar marknadsverdi (det den aktuelle bustaden eller ein tilnærma lik bustad i det same området er selt for).

Får du medhald i kravet om å få nedsett likningsverdien, gjeld dette i fem år.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.