• Skriv ut
  • 1 Bustadopplysningane i skattemeldinga

Klage på bustadopplysningane i sjølvmeldinga (skattemeldinga)

Dersom opplysningane i sjølvmeldinga (P-ROM (areal), byggjeår eller bustadtype) er feil, må du sende klage til Skatteetaten.

Dette bør du gjere før du klagar

 

Kontroller bustadopplysningane (bustadtype, P-rom, og alder) som Skatteetaten har om bustaden din. Desse opplysningane finn du under «Grunnlag for likningsverdi» i sjølvmeldinga for 2015, som du fekk tilsendt våren 2016.

Berekn likningsverdien for 2015

Frist

 

Det første året kommunen bruker verdiar frå Skatteetaten som grunnlag for å rekne ut eigedomsskatten, er fristen for å klage seks veker etter at du har teke imot eigedomsskattesetelen.

For etterfølgjande år gjeld dei vanlege klagereglane i skatteforvaltingslova. Fristen for å klage på fastsett formuesverdi (likningsverdi) er vanlegvis gått ut når du tek imot eigedomsskattesetelen, slik at du i staden må be Skatteetaten om å få endra tidlegare års fastsetting. Skatteetaten vurderer då om det ligg føre tilstrekkeleg grunn til å ta opp og handsame saka.

Du må betale eigedomsskatten til forfall sjølv om du klagar.

 

Dette må du skrive og dokumentere i klaga

 

Du må grunngi klaga og gi opplysningar om det du meiner er feil.

Du må kunne leggje fram dokumentasjon på endringa som er gjort dersom skattekontoret ber om dette.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.