• Skriv ut
  • 1 Noko anna enn Skatteetaten sin bustadverdi og bustadopplysningar

Klage på noko anna enn Skatteetaten sin bustadverdi og bustadopplysningar

Det kan til dømes gjelde

  • bruk av differensierte skattesatsar
  • tildeling av botnfrådrag
  • fritak for nybygde bustader

Slik klagar du

Dersom du vil klage på utskriven eigedomsskatt som ikkje er knytt til verdiane frå Skatteetaten, skal du klage til kommunen din.

Har du spørsmål om nedsetjing eller ettergiving av eigedomsskatt, må du òg rette desse til kommunen.

Frist

Fristen for å klage på eit eigedomsskattevedtak til kommunen er seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det blir kunngjort at eigedomsskattelista er lagt ut eller den dagen eigedomsskattesetelen blei send.

Du må betale sjølv om du klagar

Du må betale eigedomsskatten til forfall sjølv om du klagar. Dersom vedtaket blir endra som følgje av klaga, blir pengane betalte tilbake i ettertid.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.