Personvern på skatteetaten.no

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Handsamingsansvarleg

Skattedirektoratet er handsamingsansvarleg for handsaminga av personopplysningar på nettstaden skatteetaten.no. Kontaktinformasjon for Skattedirektoratet finn du her.

Føremål

Føremålet med nettstaden er å gje informasjon og rettleiing på Skatteetaten sitt område, inklusive folkeregistrering, skatt og avgift. På nettstaden er det lagt til rette for enkle innrapporterings- og bestillingstenester, vidareformidling til Altinn og varsling av nyheiter.

Generelt om handsaming av personopplysningar

Ved bruk av nettstaden blir generell webstatistikk lagra. Desse opplysningane blir nytta til å gjere nettstaden betre for brukarane.

Opplysningane som blir samla inn i samband med innrapporterings- og bestillingstenester på Skatteetaten.no eller Altinn, blir handsama i samsvar med dei reglane og forskriftene som gjeld på det aktuelle området.

Enkle innrapporterings- og bestillingstenester på Skatteetaten.no

På Skatteetaten.no er det lagt til rette for enkle innrapporterings- og bestillingstenester. Viktige døme er:

  • Innsending av flyttemelding
  • Endring/bestilling av skattekort/frikort
  • Endre forskotsskatt
  • Registrering av bustadverdi
  • Bestilling av PIN-kodar
  • Bestille KID-nummer

For innlogging til tenestene blir brukaren overført til MinID. Det er Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) som er handsamingsansvarleg for handsaming av personopplysningar i samband med bruk av MinID.

Innrapportering via Altinn

På Skatteetaten.no finst det lenkjer til tenester i Altinn, slik at brukaren kan velje å rapportere inn opplysningar til Skatteetaten gjennom Altinn. Dette gjeld t.d. innlevering av sjølvmelding og tilgang til skatteoppgjeret. Det er Altinn Sentralforvalting som er handsamingsansvarleg for handsaming av personopplysningar i Altinn. For tenestene i Altinn gjeld Altinn sine personvernretningslinjer.

Nyheitsvarsling

Skatteetaten.no tilbyr brukarane nyheitsoppdateringar på valfrie område. Brukaren må registrere e-postadressa si for å kunne bruke tenesta. Adressa blir berre brukt til nyheitsvarsling. Dersom brukaren ønskjer å avslutte abonnementet, blir adressa sletta.

Bruk av informasjonskapslar

Skatteetaten bruker informasjonskapslar (”cookies”) for å analysere det generelle brukarmønsteret på Skatteetaten.no. Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin. Filene kan berre lesast av Skatteetaten.no og brukaren sjølv, og blir til dømes brukte for å sjå om brukaren har besøkt nettstaden tidlegare, tidspunktet for besøket og kva nettstad brukaren kom frå.

Skatteetaten bruker opplysningane til å gjere skatteetaten.no betre for brukarane. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Du kan hindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskinen ved å endre innstillingane i nettlesaren.

Analyseverktøy for webstatistikk

Skatteetaten bruker analyseverktøyet Google Analytics for å samle og vurdere informasjon om korleis besøkjande bruker nettstaden. Google Analytics bruker informasjonskapslar. Som handsamingsansvarleg for Skatteetaten.no er det Skatteetaten som avgjer kva opplysningar Google kan hente inn om bruken av nettstaden. Google Analytics tek berre imot generell webstatistikk, som t.d. nettlesartype, tidspunkt, språk og kva for ei nettside brukaren kom frå.

I tråd med vanleg praksis på internett blir brukaren si IP-adresse registrert av nettstaden skatteetaten.no. Skatteetaten har  valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa di før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan finne den geografiske plasseringa til brukaren, men adressa kan ikkje brukast til å identifisere einskildpersonar. Mottekne opplysningar kjem inn under Google sine retningslinjer for personvern.

Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningslova har den einskilde rett til innsyn i sine eigne personopplysningar. Dersom opplysningane er feil, vil det vere høve til å få dei retta eller sletta. Opplysningar som er innrapporterte på skatteetaten.no eller via Altinn vil i mange tilfelle vere tilgjengelege i desse tenestene i ettertid. Krav om innsyn i eigne opplysningar kan elles rettast til det organet som er ansvarleg for det aktuelle forvaltingsområdet.

Brukarvenlegheit og tilgjengelegheit

Skatteetaten.no er utvikla i samsvar med anerkjende og opne standardar. Dette sikrar at nettstaden blir presentert på rett måte i alle nettlesarar som følgjer standardane.

Skatteetaten jobbar aktivt med å lage mest mogleg tilgjengelege og brukarvenlege sider. Nettstaden er mellom anna utvikla i tråd med WAI (Web Accessibility Initiative) sine retningslinjer for tilgjengeleg heit.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.