132 000 køyretøy risikerer avskilting

Pressemelding Publisert: 06.06.2016

  • Skriv ut

Skatteetaten har sendt ut vedtak om avskilting og registreringssperre til dei som ikkje har betalt årsavgift for køyretøy.

Med 132 000 køyretøy som risikerer avskilting, er det like mange ubetalte krav i år som i 2015. Sjå tal for for avskiltingsvedtak fordelt på fylke og kommune.

Alle som betalar årsavgifta etter forfallsdato, må betale ei tilleggsavgift på 250 eller 50 kroner, avhengig av køyretøytype. Når årsavgifta og tilleggsavgifta er registrert betalt, trekk Skatteetaten avskiltingsvedtaket.

Blir køyretyet kontrollert på vegen, kan det behalde skilta viss eigar betalar årsavgifta, tilleggsavgifta og eit gebyr på 900 kroner på staden. Viss køyretøyet blir avskilta og eigaren ønskjer å få skilta tilbake, må eit påskiltingsgebyr på 1460 kroner betalast til Statens vegvesen.

I september sender Skatteetaten krava som framleis ikkje er betalte til Statens innkrevingssentral for tvangsinnfordring.

Avgift på avskilta køyretøy

Alle køyretøy som var registrert 1. januar i år, er årsavgiftspliktige i 2016. Det er ikkje fritak for avgifta for køyretøy som blei avskilta, med mindre eigaren leverte det til vraking seinast 21. mars 2016.

Halv avgift ved vraking før 1. juli

Dersom eigaren leverer køyretøyet til vraking i perioden 22. mars til og med 30. juni, betalar Skatteetaten halv avgift tilbake til den siste registrerte eigaren.

Vi svarer på spørsmål

Skatteetaten svarer på spørsmål om årsavgift på tlf. 22 07 76 00 frå kl. 8.00 til 15.00 alle kvardagar.

Dette er første gong Skatteetaten sender ut vedtak om avskilting, etter overtaking av ansvar for årsavgift frå Tolletaten ved nyttår.

Fylke – tal på avskiltingsvedtak

Kommune – tal på avskiltingsvedtak

Meir om årsavgift

For meir informasjon:

kontakt Skatteetatens pressetelefon: 94501000

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.