Årsavgift for 3,7 millionar køyretøy

Pressemelding Publisert: 19.02.2016

  • Skriv ut

Skatteetaten sender i desse dagar ut krav om årsavgift for 3,7 millionar køyretøy. Fristen for å betale er 21. mars.

Dette er første gang Skatteetaten sender ut krav om årsavgift etter overtakinga av ansvar for særavgifter frå Tolletaten. Med 3 700 000 krav er dette ei av Skatteetaten sine større utsendingar saman med sjølvmeldinga, skatteoppgjer og skattekort. Det blir sendt ut krav for 75 000 fleire køyretøy enn i fjor. Avgifta utgjer for første gang over 10 millardar kroner i inntekter til statskassa.

Sjå fordeling av årsavgiftskrav på fylkesnivå og kommunenivå.

– Årsavgift for køyretøy har blitt ein del av Skatteetaten sitt arbeid med ein samla skatt- og avgiftsforvaltning. Vi har fleire medarbeidarar som er overført frå Tolletaten og vi jobbar saman for å sende ut krav til bileigarar landet rundt, og svare på spørsmål på ein effektiv måte. Den einaste skilnaden for deg som køyretøyeigar er at Skatteetaten er avsendar av fakturaen, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Faktura og frist

Køyretøyeigarar får faktura i postkassen innan utgangen av februar. Varsel skal allerede ligge i nettbanken for dei som har oppretta AvtaleGiro eller registrert seg for eFaktura. Betalingsfristen for alle er 21. mars.

Har du spørsmål?

Frå og med 22. februar svarar Skatteetaten på spørsmål frå publikum om årsavgift, på telefonnummer: 22 07 76 00. Åpningstida på telefonen er mandag – fredag fra 0800 – 1800. Bileigar er ansvarleg for betaling Den som sto som eigar av registrert køyretøy hos Statens vegvesen 1. januar 2016, er ansvarleg for å betale årsavgifta for i år. Dersom du sel køyretøyet ditt før 21. mars, er du likevel ansvarleg for at årsavgifta for 2016 blir betalt. Hugs å melde eigarskifte til Statens vegvesen.

Om du ikkje har fått faktura

Dersom du ikkje har mottatt faktura, kan du lage KID-nummer på skatteetaten.no. Pass på å bruke rett KID-nummer ved betaling. Feil KID-nummer kan føre til at betalinga ikkje blir registrert. Det er ikkje mogleg å utsetje betalinga for årsavgifta. Du må betale sjølv om du ikkje får faktura. På skatteetaten.no finn du kontonummer, KID-nummer og kor mykje du skal betale.

Kven slepp å betale

Dersom du leverte registreringsnummerskilta til Statens vegvesen innan 31. desember 2015, skal du ikkje betale årsavgift for 2016. Du skal heller ikkje betale dersom du vrakar køyretøyet seinast 21. mars. Du må vrake køyretøyet hos ein godkjent vrakplass eller bilopphoggeri. Hugs å få med vrakmelding.

Sjekk betalingsstatus

Du kan enkelt sjekke på skatteetaten.no om årsavgifta på eit køyretøy er betalt.

Fant du det du lette etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.