I dag kjem skattepengane

Pressemelding Publisert: 22.06.2017

  • Skriv ut

I dag får 3,9 millionar lønnstakarar og pensjonistar tilsendt skatteoppgjeret. 2,6 millionar får i gjennomsnitt 10 600 kroner att på skatten

Dei 2,6 millionar skattytarane som har skatt til gode, får til saman 28 milliardar kroner tilbakebetalt. Ein halv million lønnstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betale til saman ni milliardar kroner, eller 17 600 kroner i gjennomsnitt. 

750 000 har verken skatt til gode eller restskatt, anten fordi dei har betalt rett beløp på forskot eller fordi dei ikkje har skattepliktig inntekt eller formue.

Nytt i år: du kan endre sjølv

Tidlegare måtte du sende ei klage på skatteoppgjeret til Skatteetaten, dersom du oppdaga feil eller hadde nye opplysningar.

 -   No er det slutt på å klage, no skal du endre sjølv. Med den nye skatteforvaltingslova som kom tidlegare i år, er det i praksis du sjølv som fastsett grunnlaget for skatten din  når du oppgir inntekt, formue, gjeld og frådrag i skattemeldinga. Dersom du oppdagar feil i opplysningane i etterkant, kan du no endre dette sjølv. Det er raskare og enklare både for deg og for Skatteetaten som skal berekne rett skatt, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Dersom du etter innleveringsfristen for skattemeldinga oppdagar feil, manglar eller nye opplysningar, må du korrigere dette. Det gjeld òg om du nytta leveringsfritak. Du kan endre opplysningar opp til tre år etter leveringsfristen for inntektsåret 2016.

Skatteetaten har laga ei rettleiing som hjelper deg med å endre skatteopplysningar sjølv. I somme tilfelle er det framleis nødvendig å levere ei klage for å få til endring. Det gjeld til dømes endringar i sjølvmeldingar for inntektsåret 2015 og tidlegare, eller endringar av opplysningar som Skatteetaten har fastsett.

Seinare oppgjer for næringsdrivande og papirbrukarar

Neste skatteoppgjer kjem 2. august.  Då er skatteoppgjeret klart for personleg næringsdrivande og ektefellane deira, og lønnstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir. 

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får skatteoppgjeret 22. juni eller 2. august. Til dømes at skattemeldinga di inneheld kompliserte forhold, eller du kan vere teken ut til kontroll. Det er løpande oppgjer mellom 2. august og 25. oktober.

Om lag 1 million skattytarar får skatteoppgjeret mellom 2. august og 25. oktober.

Hovudtala (per kommune) for oppgjeret 22. juni  finn du her.

Oppgjer

Skattytarar som får skatt til gode, får pengane inn på konto eller på utbetalingskort innan tre veker frå 22. juni. Dei aller fleste får pengane på konto oppgjersdatoen.

Er restskatten over tusen kroner, blir beløpet delt over to terminar. Første termin er 20. august, og andre termin er 24. september. Ein faktura med betalingsinformasjon og forfallsfrist blir send elektronisk eller i posten.

Varsel om skatteoppgjer

Du får eit elektronisk varsel frå Skatteetaten når skatteoppgjeret ditt er klart. Du loggar deg inn på skatteetaten.no for å sjå skatteoppgjeret.

Dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon får skatteoppgjeret i posten.

Dei som har digital postkasse, får i tillegg ein kopi av skatteoppgjeret der.

Meir informasjon på skatteetaten.no 

Les meir om skatteoppgjeret 

Les meir om korleis du endrar eller klagar

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.