Levér skattemelding for næringsdrivande i tide, unngå tvangsmulkt

Pressemelding Publisert: 18.05.2017

  • Skriv ut

Alle som har teke imot skattemelding for næringsdrivande, må levere denne elektronisk innan 31. mai. Frå i år kan du bli pålagd tvangsmulkt om du leverer for seint.

357 000 skal levere skattemelding for næringsdrivande i år. 150 000 har allereie levert. Nytt i år er at dei som ikkje leverer innan fristen, kan bli pålagde tvangsmulkt. Det vil seie at du må betale eit beløp for kvar dag du ikkje har levert.

- Det er viktig at opplysningar blir leverte til rett tid, for å sikre at skatten blir rett fastsett. Føremålet med tvangsmulkt er å sikre at Skatteetaten får korrekte og fullstendige opplysningar.Vi oppmodar alle næringsdrivande til å levere skattemeldinga til rett tid, seier Helene Kruge, seksjonssjef i Skattedirektoratet.

38 000 næringsdrivande leverte ikkje i fjor

I fjor blei fleire enn 38 000 næringsdrivande skjønnslikna på grunn av manglande innlevering. Dette er omtrent 4 prosent av alle som tok imot sjølvmeldinga for næringsdrivande i fjor. Rundt 15 000 av desse var enkeltpersonføretak, og 23 000 var selskap og deltakarliknande selskap.

- Alle som har teke imot skattemelding for næringsdrivande, må levere denne. Det gjeld òg om du har avslutta verksemda, eller om du ikkje ser på deg sjølv som næringsdrivande, for eksempel fordi du i tillegg har ein arbeidsgivar. Som næringsdrivande kan du ikkje ta i bruk leveringsfritak. Alle må levere skattemeldinga, seier Kruge.

Enklare rapportering for småbedrifter

I fjor lanserte Skatteetaten næringsrapport skatt, ei betre og enklare leveringsløysing for dei som driv eiga bedrift og gjer rapporteringa sjølv. Skatteetaten estimerer at ein av tre næringsdrivande kan bruke denne løysinga.

Næringsrapport skatt slår saman ni av dei mest brukte skjemaa for næringsdrivande til éin rapport. Næringsdrivande med enkle skatteforhold, som tidlegare har brukt desse skjemaa for rapportering, kan mest sannsynleg ta i bruk løysinga. I fjor brukte 45 000 næringsdrivande løysinga for å levere opplysningar frå verksemda si til Skatteetaten. 96 prosent av innsendingane var frå enkeltpersonføretak, og 4 prosent var frå små aksjeselskap (AS).

Sjekk om du kan bruke Næringsrapport skatt

Meir informasjon på skatteetaten.no

Fakta om tvangsmulkt

  • Tvangsmulkt er ei løpande mulkt som aukar for kvar dag opplysningsplikta ikkje er oppfylt
  • For manglande levering av skattemelding for næringsdrivande er satsen eit halvt rettsgebyr per dag. I 2017 er rettsgebyret på 1049 kroner.
  • Maksimumsgrensa er 50 rettsgebyr, det vil seie 52 450 kroner.
  • Tvangsmulkta gjeld fram til
    • opplysningane blir gitte
    • skattestyresmaktene fastset ved skjønn
    • maksimal beløpsgrense er nådd

Fant du det du lette etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.