Kontroller dette i aksjeoppgåva

  • Skriv ut

I midten av mars får alle aksjonærar oppgåva Aksjeoppgåva (RF-1088). Kontroller at opplysningane stemmer. Du skal berre levere oppgåva dersom du gjer endringar i henne. Hugs at endringar i oppgåva kan føre til at du må gjere endringar i skattemeldinga.

Vi tilrår at du kontrollere desse opplysningane i oppgåva:

Sal og andre realisasjonar

Der Skatteetaten har fullstendige opplysningar om realisasjon av aksjar og utbytte, er desse beløpa utfylte på førehand i skattemeldinga.

Dersom gevinst/tap ikkje stemmer, eller manglar, må du endre og levere oppgåva. Rett gevinst/tap kan du føre i post 3.1.8/3.3.8 i skattemeldinga. 

I Altinn finn du ein versjon av aksjeoppgåva som kan korrigerast (RF-1088K). Her kan du endre inngangsverdien på aksjar du har skaffa deg i inntektsåret og vederlag for realiserte aksjar i inntektsåret. Etter eit par dagar får du tilgang til ei ny rekalkulert aksjeoppgåve i Altinn (RF-1088R). I den rekalkulerte oppgåva finn du ny utrekna gevinst eller nytt utrekna tap, det vil seie beløp du skal føre over til skattemeldinga.

Utbytte

Vil du endre eller leggje til noko under utbytte, skal du endre direkte i post 3.1.5 i skattemeldinga. Du kan ikkje endre noko i aksjeoppgåva.

Formuesverdi

Formuesverdien er den skattemessige formuesverdien på aksjane du eig ved utgangen av året. Formuesverdiar av aksjar er utfylte på førehand i skattemeldinga i to ulike postar:

  • Post 4.1.7 Formuesverdi for aksjar i VPS-registrerte selskap
  • Post 4.1.8 Formuesverdi på aksjar overførte frå RF-1088

Vil du endre eller leggje til noko under formuesverdi, skal du endre direkte i skattemeldinga. Du treng ikkje endre noko i oppgåva over aksjar og eigenkapitalbevis.

Inngangsverdi

Inngangsverdien på aksjen er det du i utgangspunktet betalte for aksjen inklusive kostnader. Dersom opplysningane om inngangsverdi i oppgåva over aksjar og eigenkapitalbevis er feil eller mangelfulle, må du endre og levere oppgåva.

Du finn meir informasjon i rettleiinga til Aksjeoppgåva.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.