Eg har fleire kjøp/sal enn oppgåva viser Kvifor blir ikkje alle kjøp/sal vist i oppgåva?

Årsaka kan vere at selskap du eig aksjar i ikkje har levert eller fått godkjent aksjonærregisteroppgåva si (RF-1086). Opplysningar om aksjar i utanlandske selskap som ikkje er registrerte på Oslo børs er heller ikkje med i oppgåva. Du må då – for dei kjøpa/sala – levere RF-1059 som vedlegg til skattemeldinga di.