Kva gjer eg når eg ikkje eig dei aksjane som står oppført i oppgåva lenger?

Er det registrert behaldning som du meiner du ikkje eig, bør du ta kontakt med selskapet. Rett tal/verdi skal førast direkte i skattemeldinga. Eigartilhøvet blir oppdatert når selskapet sender inn ny Aksjonærregisteroppgåve.

Aksjar registrerte i Verdipapirsentralen: Har du selt aksjar som er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS) på slutten av 2016 med handelsdato i 2016 og oppgjersdato i 2017, er sala oppførte i aksjeoppgåva og i skattemeldinga for inntektsåret 2016.

Har du kjøpt aksjar som er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS) på slutten av 2016 med handelsdato i 2016 og oppgjersdato i 2017, er kjøpa oppførte i aksjeoppgåva og i skattemeldinga for inntektsåret 2016.