Skattefrådrag ved investering i gründerbedrifter/oppstartsbedrifter - skatteinsentivordninga

  • Skriv ut

Frå 1. juli 2017 kan personlege skattytarar få frådrag i alminneleg inntekt med inntil kroner 500 000 kvart år for aksjeinnskot i oppstartsselskap.

Frådragsretten gjeld i tillegg til at ein på vanleg måte kan ta aksjeinnskotet med som ein del av inngangsverdien på dei aksjane ein investerer i. Aksjeinnskotet må utgjere minst kroner 30 000 for å gi rett til frådrag.

Eit selskap kan kvart år ta imot maksimalt kroner 1,5 mill. i innskot som gir rett til frådrag. Ettersom du som investerer kan få frådrag (frådraget er på 24 prosent av investeringa, for 2017) i den alminnelege inntekta di med inntil kroner 500 000 per år, kan den totale skattebelastinga reduserast med inntil 120 000 kroner.

Korleis gjer eg det?

Du kan anten investere direkte i selskapet eller gjere dette gjennom eit aksjeselskap du eig heilt eller delvis. For at du skal ha krav på skattefrådraget, må selskapet du investerer i (og ev. mellomliggjande selskap) gi skattestyresmaktene opplysningar om kva for personlege skattytarar som har gjennomført aksjeinnskot som gir rett til frådrag. Dette må selskapet rapportere i Aksjonærregisteroppgåva (RF-1086). Dersom dette blir innrapportert korrekt, får du dei frådragsgivande innskota førehandsutfylte i skattemeldinga di.

Frå investeringa skjer kjem både selskapet og du til å ha visse bindingar i ein treårsperiode:

  • Selskapet kan ikkje dele ut utbytte eller gjennomføre utbetalingar knytte til kapitalnedsetjingar i treårsperioden.
  • Du eller ein nærståande av deg kan ikkje vere eller tidlegare ha vore aksjonærar i selskapet/konsernet det blir investert i.
  • Du eller ein nærståande av deg kan heller ikkje vere, bli eller ha vore tilsett i selskapet/konsernet i løpet av treårsperioden.
  • Du må vidare sitje på aksjane dine i tre år.
  • Regelverket inneber at dersom du investerer i år 1 kan du først selje aksjane, ta imot utbytte og anna i år 5 for at frådraget ikkje skal reverserast. Dersom ein bryt reglane, blir heile skattefordelen reversert.

Oversikt over krava ein må oppfylle for å kunne nytte ordninga:

Krav til deg som investor:

  • direkte eller indirekte investering (dersom indirekte investering frå eit aksjeselskap skal eigarane ha ei forholdsmessig fordeling etter eigardelen i selskapet som gjer investeringa).
  • minstebeløpet er 30 000 kroner per selskap, maksimum 500 000 kroner per år
  • investoren eller ein nærståande av vedkomande må ikkje vere eller ha vore aksjonær i selskapet det blir investert i
  • kan ikkje vere, ha vore eller bli tilsett i selskapet i løpet av treårsperioden
  • må eige aksjane i minst tre kalenderår etter utgangen av det kalenderåret då innskotet/investeringa blei registrert i føretaksregisteret
  • i treårsperioden kan investoren ikkje ta imot utdelingar knytt til kapitalnedsetjing eller utbytte frå selskapet

Krav til selskapet:

  • 6 år eller yngre
  • færre enn 25 tilsette, utrekna etter årsverk – driftsinntekter maksimum 40 millionar kroner
  • balansesum maksimum 40 millionar kroner
  • årleg lønnsgrunnlag minimum 400 000 kroner
  • må hovudsakleg drive annan aktivitet enn passiv kapitalforvalting
  • kan ta imot maksimum 1,5 millionar kroner under ordninga kvart år
  • nyteikning av aksjar anten ved stifting eller kapitalforhøging
  • må vere eit norsk aksjeselskap, eller tilsvarande utanlandsk selskap som høyrer heime innanfor EØS og er skattepliktig til Noreg
  • kan ikkje vere i økonomiske vanskar på tidspunktet for kapitalforhøginga
  • må innrapportere mottekne beløp og investorar til skatteetaten (RF-1086) Ønskjer du å vite meir om ordninga, kan du lese i Skatte-ABC under temaet "Aksjer – aksjeinnskudd i oppstartsselskap" og skattelova § 6-53.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.