Andre attestar og utskrifter

  • Skriv ut

Du kan bestille dei fleste attestar og utskrifter ved å sende oss ein e-post. Attestane blir deretter sendt i papirformat til den folkeregistrerte adressa di.

Her er attestane og utskriftene du kan bestille frå oss:

  • Bustadattest Bestill her
    Inneheld opplysningar om bustadadressa til ein person og kor lenge vedkomande har vore busett der.
  • Fødselsattest Bestill her
    Inneheld opplysningar om namnet, fødselsdatoen, personnummeret, kjønn, fødestad og eventuelt namnet på foreldra til ein person.
  • Utskrift av registrerte opplysningar Bestill her
    Dersom du har behov for å stadfeste opplysningane som er registrerte på deg i folkeregisteret, kan du be om ei utskrift av registrerte opplysningar. Utskrifta kan innehalde informasjon om følgjande: namn, kjønn, fødselsnummer, sivilstand, statsborgarskap, bustadadresse og fødestad.
  • Stadfesting på foreldreansvar Bestill her
    Stadfesting på foreldreansvar viser kva for foreldreansvar som er registrert på eit barn.
  • Vigsleattest
    Denne treng du ikkje bestille – den blir sendt ut automatisk etter at vi har registrert at du har gifta deg. Dersom du treng ein kopi, kan du bestille her. Du kan bare bestille kopi her dersom det var folkeregisteret som sjekka om du fylte vilkåra for å inngå ekteskap. Gifta du deg før 1.oktober 2004, var det ikke folkeregisteret som sjekka dette. Da må du kontakte vigslar for å få ein kopi av vigselsattest. Folkeregisteret kan bare utstede kopi dersom ekteskapet blei inngått etter norsk rett
  • Melding om registrert flytting
    Denne treng du ikkje bestille – den blir sendt ut automatisk etter at du har meldt flytting.
  • Stadfesting på namneendring
    Denne treng du ikkje bestille – den blir sendt ut automatisk etter at du har endra namn. Dersom du treng ein kopi, kan du bestille her.
  • Attest for skatt og merverdiavgift
    Når du treng dokumentasjon på om din virksomhet eller du personlig skylder skatt/merverdiavgift eller ikke, kan du bestille her.

"Leveattest" - kan IKKJE bestillast hos Skatteetaten

Skal attesten brukes i et annet land?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.