Apostille og legalisering

  • Skriv ut

Offentlege dokument og attestar må ofte brukast i utlandet. Men før eit dokument kan brukast i eit anna land enn det som utferda det, må som regel opphavet til dokumentet godkjennast.

Apostillestempel

Eit apostillestempel stadfestar at underskrifta til ein offentleg funksjonær på eit dokument er ekte, og at vedkomande faktisk har den myndigheita og stillinga som er oppgitt i dokumentet. Stempelet stadfestar derimot ikkje at innhaldet i dokumentet er rett.

Det er Haag-konvensjonen av 1961 som gjer denne stempelordninga mogeleg. I oversikta over kva for land som har slutta seg til konvensjonen, finn du kontaktinformasjon til myndigheitene som er autoriserte til å påføre apostillestempel.

I Noreg er det fylkesmannen som kan påføre dokument apostillestempel.

Legalisering

Dokument og attestar frå land som ikkje har godteke Haag-konvensjonen av 1961, må legaliserast. Kontakt utanriksmyndigheita i det aktuelle landet.

Legalisering av norske dokument blir gjort av Utanriksdepartementet.

Skal attesten brukes i et annet land?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.