Fødselsattest

  • Skriv ut

Ein fødselsattest inneheld opplysningar om namnet, fødselsdatoen, personnummeret, kjønn, fødestad og eventuelt namnet på foreldra til ein person. VIKTIG å vite når du bestiller attestar til døme for barn.

Når det gjeld nyfødde, sender Skatteetaten automatisk ein fødselsattest til foreldra etter at namnet til barnet er registrert.

Kven kan få fødselsattest?

  • Personar som er fødde i Noreg og er eller har vore folkeregistrerte som busette i Noreg etter 2. desember 1946
  • Personar som er fødde i Noreg etter 31. desember 1982 (fødselsregisterførte)
  • Personar som er adopterte i Noreg
  • Personar som er adopterte i utlandet etter 1. juli 1981 (under visse føresetnader)

Fødselsattesten blir berre skrive ut på førespurnad frå:

  • den attesten gjeld
  • ektefellen / den registrerte partnaren (må kunne dokumentere at han/ho treng attesten)
  • ein av dei næraste slektningane (må kunne dokumentere at han/ho har eit grunngjeve behov for attesten)
  • offentleg styresmakt
  • verje eller hjelpeverje

Kven kan bestille?

  • Fødselsattesten skal bestillast av den attesten gjeld for.
  • Ektefellar kan bestille for kvarandre dersom det ligg føre eit grunngitt behov.

Du kan òg bestille fødselsattest for:

  • barna dine (under 18 år) dersom du har del i foreldreansvaret.
  • ein person du er oppnemnd som verje for (dersom du er hjelpeverje, må dette gå inn under hjelpeverjeoppdraget)
  • ein klient som du som advokat er prosessfullmektig for

Attesten blir deretter sendt til den folkeregistrerte adressa di. Dette tek vanlegvis tre dagar. I tillegg kjem postgangen.

NB! Vi sender ikkje attestar på epost.

Skal du bestille pass til barn under 18 år?

Du treng ikkje fødselsattest for å bestille pass til barn og unge. Sjå nettsidene til politiet for huskeliste ved bestilling av pass.

Skal attesten brukes i et annet land?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.