Stadfesting på bustad etter skatteavtale

  • Skriv ut

Ei stadfesting på bustad etter ein skatteavtale (Certificate of Residence) er ei stadfesting på at du er skattlagt i Noreg som busett her.

Treng du ei stadfesting på at du er busett i Noreg etter skatteavtalen med eit anna land, må du anten sende ein førespurnad på:

Sentralskattekontoret for Utanlandssaker
Postboks 8031
4068 STAVANGER

Førespurnaden skal innehalde:

  • Namn og fødselsdato
  • Kva for eit land stadfestinga skal nyttast i
  • Kva for inntektsår/inntektsperiode ho skal gjelde for
  • Om det er trong for ei stadfesting frå notarius publicus og eventuelt apostille
  • Kontaktinformasjon – e-postadresse og/eller telefon

Treng du ei stadfesting på at du er skattemessig busett i Noreg etter norsk internrett, må du ta kontakt med skattekontoret.

For å sende e-post, gå inn på skatteetaten.no/sendepost

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.