Utlevering av opplysningar til offentlege myndigheiter og verksemder og private som utfører oppgåver på vegner av det offentlege

  • Skriv ut

Det er i lova gjort visse endringar for offentlege myndigheiter og verksemder sin tilgang til opplysningar i folkeregisteret. Etter § 10-1 får desse no fri tilgang til desse opplysningane:

  • namn (inkl. historikk)
  • fødsels- og d-nummer
  • grunnlaget for den registrerte identiteten
  • adresse (ikkje adresser som er underlagde teieplikt eller gradert kode 6 etter instruksen om vern) inkl. historikk
  • fødestad
  • statsborgarskap
  • sivilstand (alle grupper)
  • verjemål
  • stadfesta framtidsfullmakt
  • dødsdato
  • registreringsstatus (busett, utflytta, død, opphøyrt og inaktivt d-nummer)

I tillegg til eit såkalla eintydig søk kan ein òg gjere oppslag i folkeregisteret på fødsels-/d-nummer og namnelisting (såkalla fleirsøk).

Til folkeregisterlov og forskrift

Korleis sender eg ein søknad om utlevering?

Du kan laste ned, fylle ut og sende inn eit søknadsskjema for å søkje om tilgang til opplysningar frå folkeregisteret etter den nye lova om folkeregistrering.

Søknader om einskildopplysningar

Søknad via kontaktskjemaet vårt. Du kan få utlevert inntil 3 til 4 opplysningar per veke utan å betale for det.

Dersom du har ei lengre liste med opplysningar du ønskjer å få utlevert, må du betale for å få opplysningane.

Omfattar førespurnaden meir enn 4 personar, skal den sendast til:

Skatt nord
Postboks 6310

9293 Tromsø.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.