Utlevering av opplysningar til private personar

  • Skriv ut

Private personar kan søkje om å få utlevert opplysningar frå Folkeregisteret om namngjevne personar som kan identifiserast.

Dette er dei opplysningane som er registrerte om ein person i Folkeregisteret som kan leverast ut til private personar:

  • Fullt namn (inkludert historikk)
  • Fødselsdato
  • Kjønn
  • Grunnlaget for den registrerte identiteten
  • Adresse (ikkje adresser som er underlagde teieplikt eller gradert etter instruksen om vern) inkludert historikk
  • Fødestad
  • Statsborgarskap
  • Sivilstand (alle typar)
  • Verjemål
  • Stadfesta framtidsfullmakt
  • Dødsdato
  • Registreringsstatus (busett, utvandra, død, opphøyrt og inaktivt d-nummer)

Fødselsnummer og d-nummer kjem i ei "mellomstilling", på den måten at desse opplysningane kan utleverast når det ligg føre eit grunngjeve behov. Grunngjeve behov tyder at opplysninga må vere nødvendig for å vareta lovmessige rettar/plikter.

Konfidensielle opplysningar

Ein del av opplysningane i Folkeregisteret er underlagde lovbestemt teieplikt. Desse opplysningane kan ikkje leverast ut til private personar. Opplysningar som kjem inn under teieplikta er til dømes: foreldreansvar og namn på ektefelle.  

Til folkeregisterlov og forskrift

Søknad om opplysningar

Søknad via kontaktskjemaet vårt der du reknar med at personen du ønskjer opplysningar om bur. Du kan få utlevert inntil 3 til 4 opplysningar per veke utan å betale for det.

Dersom du har ei lengre liste med opplysningar du ønskjer å få utlevert, må du betale for å få opplysningane.

Omfattar førespurnaden meir enn 4 personar, skal den sendast til:

Skatt nord
Postboks 6310

9293 Tromsø

Ikke mulig å søke opp personer på skatteetaten.no

På skatteetaten.no er det er ikke mulig å søke opp personer, adresser og personopplysninger.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.