Utlevering av opplysningar til private verksemder

  • Skriv ut

Private verksemder som har behov for opplysningar som er naudsynte for å ivareta lovmessige rettar eller plikter kan søkje om å få utlevert opplysningar fra Det sentrale folkeregister. 

Få tilgang til opplysningar

Dette er dei opplysningane som er registrert om ein person i Det sentrale folkeregister som kan bli utlevert til private verksemder:

  • Namn (namn og namnehistorikk)
  • Fødselsnummer / d-nummer
  • Fødselsdato 
  • Bustadsadresse/postadresse som ikkje gjer kjent med eit klientforhold 
  • Registreringsstatus (busett, utvandra, død)
  • Eventuelt dødsdato 

Opplysningar underlagd teieplikt 

Ein del av opplysningane i Det sentrale folkeregister er underlagd lovbestemt teieplikt. Slike opplysningar kan ikkje utleverast til private verksemder. Opplysningar underlagd teieplikt er til dømes: statsborgarskap, opphaldsløyve, foreldreansvar.

Lenke til folkeregisterlov og forskrift

Lov om folkeregistrering [folkeregisterloven].


Forskrift om folkeregistrering

Korleis sende søknad?

Elektronisk utlevering (direkte oppslag, uttrekk, ajourføring). 

Du kan søkje her.

Dette treng du for å søkje:

  • Organisasjonsnummer til verksemd
  • Opplysningar om kontaktperson til verksemd
  • Eventuelt må lovheimel oppgis

Søknader om enkeltopplysningar 

Skal sendast via vårt kontaktskjema.

Søknader som omfattar ei bestemt gruppe som er busette i en kommune eller eit fylke.

Skal sendast via vårt kontaktskjema til skattekontoret for den aktuelle kommunen eller fylket.

Dersom du har ei lengre liste med opplysningar du ønskjer å få utlevert, må du betale for å få opplysningane. Omfattar førespurnaden meir enn 4 personar, skal den sendast til:

Skatt øst Grålum
Særregisteret 
Postboks 1073 Valaskjold 
1705 Sarpsborg

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.