Utlevering av opplysningar til finansføretak

  • Skriv ut

I samband med at lova tok til å gjelde, er det gjort endringar i finansføretakslova. I samsvar med § 16-2 nytt femte ledd kan no finansføretak utan å vere hindra av lovbestemt teieplikt få opplysningar om ektefelle, barn og foreldre i tillegg til dei opplysningane som ikkje kjem inn under teieplikta etter folkeregisterlova § 9-1 andre ledd. Det er ein føresetnad at selskapet har konsesjon etter finansføretakslova § 3-2.

Dette inneber at ein får tilgang til desse opplysningane:

  • fullt namn, inkl. historikk
  • fødsels- og d-nummer
  • grunnlaget for den registrerte identiteten
  • adresse (ikkje adresser som er underlagde teieplikt eller gradert etter instruksen om vern) inkl. historikk
  • fødestad
  • statsborgarskap
  • sivilstand (alle typar)
  • verjemål
  • stadfesta framtidsfullmakt
  • dødsdato
  • foreldre
  • ektefelle
  • barn
  • registreringsstatus (busett, utflytta, død, opphøyrt og inaktivt d-nummer)

Vidare får finansføretak etter folkeregisterlova § 10-1 første ledd rett til å gjere oppslag på fødsels-/d-nummer, og på namnelisting av personar som ikkje er tilstrekkeleg identifiserte (såkalla fleirtreff).

Til folkeregisterlov og forskrift

Korleis sender eg ein søknad om utlevering?

Du kan laste ned, fylle ut og sende inn eit søknadsskjema for å søkje om tilgang til opplysningar frå folkeregisteret etter den nye lova om folkeregistrering.

Søknaden skal sendast skriftleg per brevpost til:

Skattedirektoratet, Rettsavdelinga
Postboks 9200 Grønland

0134 Oslo.  

Søknader om einskildopplysningar

Søknad via kontaktskjemaet vårt der du reknar med at personen du ønskjer opplysningar om bur. Du kan få utlevert inntil 3 til 4 opplysningar per veke utan å betale for det.

Dersom du har ei lengre liste med opplysningar du ønskjer å få utlevert, må du betale for å få opplysningane.

Omfattar førespurnaden meir enn 4 personar, skal den sendast til:

Skatt nord, Hammerfest
Postboks 6310

9293 Tromsø.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.